fredag 12. november 2010

Blogg som modularbeid

I gang med refleksjonsnotatet no og sit og reflekterar rundt blogg som modularbeid.

Etter mitt syn går argumenta for blogg som modularbeid utanpå motargumenta.

Fordelen med blogg vil vere at veileiar kan sjå kva retning me går i i våre interesser og ser at det inspirerer oss som studentar når me får skrive om det me fokuserer mest på. Det er dette med "å tenne gnisten". Og for meg har blogg fungert som ein motiverande måte å arbeide på.

Argumenta mot blogg som eksamensform er at det kanskje vert for tilfeldig kva me studentar fokuserer på, eller ”heng oss opp i”. Som eksempel: Eg har fokusert mest på skuleleiarens rolle og andre har fokusert mykje på digital danning.

Men eg meiner samtidig motargumenta mot dette forsvinn litt i det faktum at me skal besøke kvarandres bloggar og kommentere og reflektere på dei innlegga som finns der. På den måten får me ny vinkling på kunnskap som me sjølve kanskje ikkje har sett på samme måte når me har sett oss inn i den sjølv.


Viktige medstudentar

I forbindelse med blogg som eksamensform er det takka vere medstudentane fleire moment som har som har gjort meg meir opplyst og samtidig gitt meg motivasjon til å lære meir. For å nevne nokon:

- Å sjå korleis medstudentar har tolka tekstane om f eks Lankshear og Knobel sine digital literacies og Quortrup sitt hyperkomplekse samfunn opp mot mi eiga tolkning av desse artiklane. Det same gjeld djupdykka andre har tatt innanfor digital danning og ikkje minst koblinga til digital kompetanse (Dons).

- Å sjå korleis medstudentar finn andre kjelder reflekterer rundt desse og viser desse fram til oss som kanskje aldri hadde fått sett desse kjeldene ellers.

- Å lese kommentarar om korleis medstudentar har oppleve og lest mine innlegg. (Det er ein sterk inspirasjon. Og ei viktig påminning om kor viktig det er å sjå og å bli sett…)

- Å sjå at også medstudentar også har hatt stunder der lesing av andres blogginnlegg har vore lettare enn å begynne på sitt eget for så å tenkje at dei andre skriv så mykje bedre enn meg.

Og eg er enig med Hege Alice sin kommentar om at blogg vart ein endå betre opplevelse når eg kom i gong med å besøke fleire og fleire bloggar i tillegg til studiegruppa sine.

PS.

Eg har gjort det til ein vane å dele linkar på slutten av innlegga og i dette siste innlegget vil eg vise til ein artikkel om Øyvind Hammer, Ole Einar Bjørndalen sin tidlegare motivasjonscoach.

I dagleglivet kan ein av og til kanskje verte motlaus eller demotivert hvis det ikkje går slik som ein vil. Men ifølge Hammer kan eventuelle irritasjonemoment eller problem av større eller mindre art bli sett i perspektiv, og potensielt bli avvæpna, om ein stiller seg sjølv følgande tre spørsmål:

1. Kor viktig er det som skjedde akkurat no i internasjonal sammenheng?
2. Kunne det ha vore verre?
3. Finns det nokon menneskje som ville ha bytta sine problemer mot mine no?

Eg er sikker på at desse spørsmåla kan hjelpe mange hvis det buttar imot enten det er i implementeringsarbeid eller livet generelt.

Takk for følget.

Mixmaster.

Begynnande refleksjon

Det nærmer seg refleksjonsnotat og eg har ikkje bestemt meg for om eg vil legge ut refleksjonsnotatet på bloggen enda, men eg vil uansett benytte anledningen til ei lita oppsummering av bloggerfaringane mine. Eg er glad for at eg valgte bloggalternativet, og føler at eg har lært masse av denne prosessen. Det har vore gjevande å få kontinuerlig feedback undervegs som kan bidra til at boggen tar ein annan kurs enn fyrst tenkt. Og det har vore lærerikt å følge dåke andre på kurset sine bloggar og på den måten få ta del i dykkar erfaringar. Særlig det å lese om andre sine erfaringar og problemstillingar som blir drøfta i lys av relevant teori syns eg har bidratt til eigen forståelse og tankeprosess. Og det har hjelpt meg til å prioritere med omsyn til teori. Takk til dykk alle for gode og konstruktive tilbakemeldingar i løpet av bloggperioden!

tirsdag 9. november 2010

"Like a Bridge Over Troubled Water"

Dette blir nok mitt siste innlegg på denne bloggen. Etter å ha lese Ludvigsen sin artikkel om IKT , kompleksitet og nye krav til kompetanse, leste eg Krumsvik og situert læring for deretter å gå tilbake til Ludvigsen igjen. Eit viktig spørsmål hos Krumsvik er følgande: “Kvifor og korleis kan situert læring bli nytta som ei "linse" for å fange opp korleis den digitale revolusjonen påverkar skulen sin aura og "ut av skulen"-læring i nettverksamfunnet?”

Situert læring kan beskrivast som situasjonsbestemt læring i eit praksisfelleskap. Det som kjenneteiknar måten ungdom opererer på i nettverkssamfunnet er jo nettopp det at dei er online i enorme, digitale praksisfellesskap. Spørsmålet er korleis skule kan bruke erfaringane frå læringa som skjer i dette nettverkssamfunnet og bruke dette pedagogisk. Dette er også Michael inne på i sitt blogginnlegg om spel og læringsmoglegheitene som ligg i dette. Eg syns det han skriv her er så bra at eg har kopiert det inn under:

"Vi kan gjenkjenne elementer av dette fra egen praksis. Når læring er situert, i motsetning til en akademisk frakopling fra kontekst, registrerer vi motivasjon, utholdenhet, løsningsorientering og bedret selvbilde som gode produkter av læringsprosessen. Dette gjelder selvsagt ikke bare i tilfellet digitale læringsspill, men også i andre simuleringer. Eksempler er SIMU-bedrift som metode i Utdanningsprogram for Service og samferdsel, ungdomsbedrift og drama som metode i en rekke fag. Erfaringer med sommerskole i Buskerud peker i samme retning. Det er da grunn til å tro at tilsvarende effekter vil komme når bruk av teknologi i form av spill gjør læring situert samtidig som ledelse og ansvar for utførelsen distribueres."

Korleis kan det som Krumsvik og Schaffer beskriv bidra til ei endring i det tradisjonelle bildet på læring?  Krumsvik foreslår at ein må fokusere på IKT-implementeringa i skulen, og gjennom eit situert syn på læring bygje bru mellom formelle og uformelle læringssituasjonar utan at ein mister læringsfokuset. Læraren som klasseleiar og læraren sin pedagogiske, faglige, metodiske og didaktiske kompetanse er ei forutsetjing for å lukkast i å bygge desse bruene. Korleis gjer ein så dette i praksis?

Her går eg tilbake til Ludvigsen igjen. Med sine tre klasserom, det tradisjonelle, det konstruktivistiske og det sosiokulturelle pekar Ludvisen på viktige læringsperspektiv og syn på korleis læring skjer (Ludvigsen, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi,, læring og klasserommet). I dette siste synet, på klasserommet som læringsfellesskap, legg vekt på nettopp læring som deltakelse i eit praksisfellesskap. Dette, seier Ludvigsen, kan beskrivast som eit situert perspektiv som ligg nær vår kvardagforståelse og derfor vil opplevast som meir relevant for elevane. Det sosiale aspektet og eleven si aktive medverkning i læringsprosessen er viktige aspekt her. I dette klasserommet vert det lagt vekt på kollektive arbeidsformer, undervegsvurdering, mapper for å synleggjere læringsprosessen, aktuelle “verkelighetsnære” prosjekt og oppgåver og eit mangfald av læringsressurser utover læreboka. I dette perspektivet er det ikkj enkeltferdighetene, men utviklinga av eleven sin evne til å delta i komplekse aktiviteter som blir utvikla, altså ein slags høyere ordens kunnskap og ferdigheter  (dette har eg forklart nærmare i forrige innlegg). I forlengelsen av dette synet vert IKT å betrakte som ein “kulturell utvidelse” (Ludvigsen, Læring og IKT), ein læringsressurs som bidrar til eit store mangfald og kommunikasjon med omverda. Andre moment some r viktig her er at læreplanene er opne nok til at den enkelte skule får lokel frihet til å finne innfallsvinklar som kan stimulere elevane til å delta. Me har løyst dette ved å for eksempel gje elevane det aktuelle læreplanmålet(/a) og vurderingskriterier og invitere dei til å vere med å utforme det konkrete innhaldet. Eller at dei får vite læreplanmål og eit tema og sjølve må utforme ei problemstilling. For at dette skal fungere er det nok ei forutsetning at skulen har eit felles og kontinuerlig fokus på denne måten å lære på slik at elevane er kjent med kva som vert forventa av dei.

Det viktigaste som Ludvigsen seier i sine artiklar er likevel etter mi meining at IKT i seg sjølv har lita endringskraft i forhold til skulen si verksemd. Det som er den avgjerande faktoren er den pedagogiske praksisen. Så enkelt, og så vanskelig.

søndag 7. november 2010

Ting skjer fort

Bill Gates sa 6 august 2010: Five years from now on the web for free you’ll be able to find the best lectures in the world..”

Og no tilbyr London School of Business and Finance MBA-utdannelse gratis på Facebook. Det vil sei: Sjølve kurset er gratis men studentane må betale for vurderingar og eksamenar.

"Firstly it means that those interested in learning business skills can now do so from some of the best business lecturers, through an innovative and familiar delivery channel at no cost; and secondly those considering going for formal MBA qualification can test both the quality of the programme and their aptitude and interest before any financial commitment."

"While qualifications are still necessary to complete the accredited LSBF Global MBA™ – a BSc/BA or five years professional experience – there will be 100s hours of free study resources available to all users, including 80 hours of high definition video content. Unlike all other MBAs, no fees will be required up front allowing students to save for exams or to pay when it suits them financially. "

Du kan sjå en video om dette tilbodet nede på denne lenka.

Ting skjer fort...

Kanskje godaste Bill var for pessimistisk i sitt tidsperspektiv?
Er det nokon av skulane de kjenner til, det er kanskje mest aktuelt i vidaregåande, som legg ut undervisningsforelesningar på nett?


PS.

Her kan ein lese om blogging og mykje anna på den svenske sida Kolla Källan. Og her er deira tips til elevøvingar i forbindelse med kjeldekritikk og blogg.

fredag 5. november 2010

Læring og IKT

No held eg på med Sten Ludvigsen sin artikkel som har undertittel "- Et perspektiv og en oversikt" (Ludvigsen 2000). Fokus for artikkelen er med forfattaren sine ord "hvordan vi kan forstå relasjonen mellom læring og informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)". Sten Ludvigsen sine "tre klasserom" og tilhøyrande kunnskapssyn har vore fast innslag på våre fellesmøter over lengre tid, så eg hadde på førehand store forventningar til denne artikkelen.

Eit viktig poeng i denne artikkelen er at vilkåra for læring og kommunikasjon på generelt grunnlag vert endra og at IKT skaper på mange måtar skaper spesifikke vilkår for læring. Den nye teknologien endrer på mange måtar verdsoppfatninga vår, endrar forholdet mellom det lokale og globale og opphever på mange måtar begrensningar knytt til tid og rom, men bidrar også til ein ny kompleksitet i samfunnet. I følge Ludvisen medfører denne nye kompleksiteten i samfunnet endringar i krava til kompetanse for den enkelte som no må vere i stand til å jobbe med informasjon på avanserte måtar. Desse avanserte måtane, seier Ludvigsen, kan forståast som ein slags "høyere ordens kunnskap og ferdigheter" (ibid). Fordi eg syns dette var så bra, og fordi eg på generelt grunnlag er svært begeistra for eit sosiokulturelle og problembasert læringssyn, har eg inkludert desse krava i sin heilhet under:

"
  • evne til å lokalisere, samle, sortere, klassifisere, sekvensere, sammenligne, kontrastere og analysere relevant informasjon,
  • å kunne argumentere for handlinger og påstander, trekke konsekvenser av fakta, forklare hvordan man tenker, bedømme på grunnlag av bevis, 
  • å stille relevante spørsmål definere problemer, planlegge og gjennomføre prosjekter, predikere resultater av forsøk, teste konklusjoner og ideer, 
  • å utvikle ideer og hypoteser, skape nye løsninger og bruke fantasi,
  • å vurdere det man leser, hører og gjør, utvikle kriterier for å vurdere eget og anres arbeid, se begrensningene i egen kunnskap og vurdere om egen innsikt er tilstrekkelig.       "
Eit hovudargument er at fleire må bli i stand til å da del i komplekse arbeidsoppgåver og beslutningar. Ludvigsen knytter deler av denne auka kompleksiteten til utviklinga innan IKT men også til eit meir differensiert samfunn kulturelt, sosialt og økonomisk.

Dette må me ta med oss når me skal designe læringsomgjevnader. Me må la elevane jobbe både med kompleksitet med omsyn til eit mangfald av ressurser og kjelder, samtidig som dei også må få meir avgrensa oppgåver. I dette spenningsforholdet, mellom ein kompleksitet som kan vere for utfordrande og ei avgrensing som kan opplevast som utan relevanse, kan ein stimulere til kompetansekrava som er nevnt over. IKT gir ein moglegheit til å jobbe med ulike ressurser og kjelder samtidig som det byr på mange utfordringar. I neste innlegg vil eg sjå på det sosiokulturelle perspektivet på læring med særlig fokus på IKT, læring og samhandling.

torsdag 4. november 2010

Hvordan bli en god skole på læringsplattformer?

Dette innlegget begynte egentlig som eit svar til Janne sitt spørsmål til Mixmaster i innlegget hans om leiing. Men så innsåg eg at det kjem til å bli alt for langt, så det vart forfremja til eit innlegg.

Eg har no lese IKT-boka 2.0 og fann i kapittelet med same namn som bloggtittelen med underkapittelet Terje Risa - Akademiet videregående skole. Terje har omdefinert LMS frå Learning Management System til Læring, Mennesker, Samspill. Han er tydelig på at It`s Learning (og SkoleArena) er bransjeverktøyet vårt og at It`s Learning fungerer som pedagogisk lim i organisasjonane.

Terje Risa er også daglig leiar på Bergen Private Gymnas og på same måte som han har styrer aktivt og tydelig etter dette på Akademiet, er dette også implementert på BPG. Me har fleire krav til dette, blant anna skal alle fag og undervisningsøkter knyttast til læreplanmål, kalender skal brukast med lenker til ressursar og alt faglig som skjer av presentasjonar, tavlenotat (smartboardnotat), oppgaver og andre ressursar skal lagrast, saman med årsplan og vurderingskriterier, i faget på It`s Learning. Det blir stilt klare krav til alle ansatte om at dei skal ha/utvikle god digital kompetanse. Og det blir satsa bevisst på kompetanseheving i organisasjonen. Ofte er programleiarane med oss i leiinga på kurs i for eks nye It`s Learning- ting. Deretter har me gjerne eit møte og diskuterer saman kva me skal velge ut og korleis me skal kurse og gjennomføre dette i organisasjonen.

Som sagt er Terje Risa daglig leiar på både Akademiet og Bergen Private Gymnas. Dei to skulane har noko ulik pedagogisk profil, men har felles ståstad med omsyn til LMS og samarbeider om tilbudet innan programfag og framandspråk. Den felles visjonen for dei to skulane er at "Vi skal være den beste og mest fremtidsrettede skolen i Norge". Akademiet sitt slagord er "For deg som vil litt mer", mens BPG sitt slagord er "Gi deg selv et forsprang". Dette går igjen i heile organisasjonen, leiing, pedagogar, vaskepersonalet, elevar. Du skal få eit forsprang på BPG, enten du underviser der eller er elev. Det forplikter, på alle nivå. Og sidan eg jobbar på BPG legg eg kun ut eit bilde av vår skule si nettside med vår logo.:-)

For dei som er interessert, er dette å finna på s 103 i IKT-boka 2.0.

Eit anna aspekt ved denne boka som eg likte var kapittelet som heiter "Kan vi gi oppgaver som ikke kan googles?". Her peiker forfattaren på nye utfordringar i forbindelse med den digitale skulekvardagen og behovet for ei omformulering av spørsmåla for å unngå at elevane googlar seg fram til eit faktasvar. I følge Salvesen må spørsmåla tilpassast den nye verkeligheten slik at elevane får bruke nettet og samtidig har utfordringar med å finne "svaret". Salvesen viser fleire eksempel på korleis han meiner me må justere måten me stiller spørsmål på slik at elevane i stadenfor å ukritisk gjengje faktastoff må resonnere, analysere og evaluere sjølv. Eg fann fleire gode tips her som eg vil ta vidare på min skule på komande fellesmøte. Ein fellesnemnar for råda han kjem med er, etter mi meining, eit problemorientert  læringssyn kor det vert lagt vekt på eleven sin rolle i utforming av problemstillingar, eleven som forskar og eleven som innhaldsleverandør. Eit naturlig steg vidare innan eit slik læringssyn vert då å i større grad frigjere seg frå læreboka og sjå på denne som kun ei av fleire moglege (om enn foretrukken) kjelde og vidare utforme vurderingskriterier som er tilpassa denne måten å jobbe på. Kva er det for eksempel som kjenneteiknar ei god problemstilling?

Dette begynte med læringsplattformar og endte med læringssyn. Men for å sitere ein kjent politikar: "Alt henger sammen med alt".  

onsdag 3. november 2010

Blogg til lyst

Flåsete tittel - jada. Men kva gjer ein ikkje for å få lesarar:-). Inspirert av Hanne skal eg også legge ut eit "hald det gåande-innlegg".

Eg har vore inne på bloggtipsa som Kjell Atle har lagt ut på Itsen og fått mykje inspirasjon. Anbefaler for eks Ingunn Kjøl-Wiig sin blogg på det varmaste.

I inspirert overmot har eg gitt medieelevane mine i oppgåve å lage (fag)blogg kor dei presenterer ulike medieprodukt som dei har laga. Så er det litt opp til den enkelte kor mykje arbeid dei vil legge ned i layout og design eller om dei vil prioritiere innhald og medieprodukta dei skal presentere.  I forlengelsen av dette oppretta eg ein også klasseblogg som eit forsøksprosjekt kor eg skriv litt om kvifor me skal jobbe med blogg, oppsummerer litt undervegs og legg ut tips til andre gode bloggar. Blant anna har eg lagt ut vurderingskriteriene på bloggen, og brukt mange timar på å forske meg fram til å lage google-dokument. Dette legg eg også, i tråd med vår lms-profil, ut i faget sin kalender på Itsen, men då i meir kortfatta form.

Denne fyrste perioden er prega av at me alle befinn oss i den delen av vurderingsskjemaet som eg har kalla "i oppstartsfasen", men eg ser allerede ei utvikling mot høgre (og høgare måloppnåelse) for både meg sjølv og elevane. I tillegg er det ein klar tendens til at særlig jentene er inspirert av alle dei "rosa" bloggane, og ønsker å bruke dette som ei digital dagbok. Så her har me ein veg å gå. Til no har me eit kompromiss på at dei også kan få skrive innlegg om skuledagane og litt personlig men at dei skal gjere aktiv bruk av etikett-funksjonen slik at eg lett kan søke opp dei faglige innlegga. Dette kompromisset er inngått for at det skal vere meir liv på bloggane. Så vil tida vise om me må stramme inn...  Det anar meg at me må det. På dei nesten to vekene eg har halde på med dette har eg hatt 222 treff på klassebloggen min. Eg trur at dette er elevane "mine" og ikkje resten av verda, men det kan eg sjølvsagt ikkje vite heilt sikkert.

Tips til gode mediebloggar med ikkje alt for tungt innhald tas mot med stor takk. Eg treng kontinuerlig stoff til klassebloggen min. Skal ikkej sjå bort frå at dette blir meir blogg til besvær enn lyst.:-)

tirsdag 2. november 2010

Suksessfaktorar for å lukkast med leiarutvikling. - Og litt til..

Kva har dette med IKT og skuleleiing å gjere, tenkjer du?

Vel, master i skuleleiing er ei videreutdanning for skuleleiarar og skulane med sine eigarar vil vel ha noko att for at me gjer dette?

Ingunn Hybertsen Lysø, no postdoktor ved NTNU, har tatt for seg kva læringsprosessar som trer i kraft når leiarar reiser på kurs for å lære bli dyktigare og gjere virksomheita betre.

Ho seier i intervjuet at "Dette er jo vanligvis det uttalte målet med å sende ledere på denne typen programmer, både fra tilbyderen og fra virksomheten selv: Gjennom å gjøre den enkelte leder bedre, skal det også overføres læring til organisasjonen, for å skape endring."

Og på spørsmål om det fungerer, seier ho:

"I liten grad. Faktisk kan det motsatte komme til å skje. Ved at deltagerne styrker sin lederidentitet og utvikler et eget lederspråk, øker avstanden til deres praktiske hverdag og de oppgaver som de skal utføre i egen organisasjon. Her ligger også mye av forklaringen på hvorfor det er så vanskelig å overføre kunnskap fra lederprogrammene til de bedriftene som deltar. Ifølge Hybertsen Lysøs avhandling er dette også en forklaring som deltagerne selv gjerne tyr til. Når resultatene uteblir, i form av endringer i ledernes praksis, så skyldes det mangel på lokal støtte og involvering fra bedriften i arbeidet med endringer."

Videre viser Hybertsen Lysø til at for at eit leiarprogram skal ein effekt i form av noko endring må det ligge klare forutsetnadar i bunn.

Ho lister opp tre sentrale suksesskriteriar (Eg har bytta ut orda "virksomhet" og "bedrift" med ordet "organisasjon"):
  • Deltagelsen må vere kobla til organisasjonens overordna strategi
  • Støtte frå nærmaste leiar, vere seg toppleiar eller eigar, er alfa og omega
  • Programmet må vere forankra i konkrete endringsprosessar lokalt, der andre personar frå organisasjonen også deltar*)
*) Eg tolkar Ingunn Hybertsen Lysø bruk av ordet "deltar" som "vere interessert og engasjert", ikkje som passive deltagarar.

Ole Hope, noverande administrerande direktør ved NHH i Bergen har, som Kjell Atle i sin artikkel om "Kompetent klasseledelse", i sin doktorgradsavhandling "Den viktige mellomlederen" understreka kor viktig det er å ha mellomleiarane med på laget.

Kjell Atle (Kompendiet til Modul 5, s: 98) skriv at det er å ha dei rette menneska på rett plass. At det er "rektors ansvar å plassere rett mann eller kvinne på rett plass. Postene som avdelingsledere, faggruppeledere, utviklingsledere, teamledere osv. må besettes av innsiktsfulle og utviklingsorienterte fagfolk som kan følge opp utviklingen av skolens læringskultur og oppmuntre, inspirere og engasjere." Vidare skriv Kjell Atle at "teoriene om distribuert ledelse har bidratt til økt bevissthet om betyningen av disse funksjonene i ledelsen av skolen."

Mens Ole Hope seier i eit intervju i Aftenposten at "For bedriftene er det en klar fordel å ha mellomledere som er seg mer bevisst hvilken viktig rolle de spiller. Jeg vil utfordre det overordnede lederskapet til å ta dem mer på alvor enn det toppsjefene tidvis gjør, og som mange av oss mener de burde gjøre, sier Ole Hope, og tilføyer: – Mellomlederne sitter på en unik makt. De har en kompetanse ledelsen er helt avhengig av for få satt sin strategi ut i livet. Det er de som kjenner prosessene og til syvende og sist får virksomheten til å gå rundt.

– Betyr det at en toppleder er prisgitt mellomlederne?

– Ikke nødvendigvis. Men da må han åpne opp for en reell og målrettet dialog, slik at de tas på alvor og får være aktivt med på å utforme virksomhetens strategi. En slik dialog er en forutsetning for å nå de strategiske mål som ledelsen setter for bedriften. Dette gir også rom for et samspill, der begge parter har sin plass og utfyller hverandre."

Eg les både Hybertsen Lysø, Hope og Kjell Atle som at dei meiner ein må ha gode støttespelarar både over og under skuleleiaren i organisasjonen. Og dei er alle enige om at mellomleiararane må bli eller vere engasjerte i prosessane.

Korleis fungerer så dette i forbindelse med endringsprosessar på vår skule?

Eg føler BPG er heldig fordi skulen har ein dagleg leiar, som også er eigar, som støtter det pedagogiske arbeidet som vert gjort på skulen. BPG har også ein utviklingsorientert rektor (Master) :) som er flink å leie og å involvere andre i dette arbeidet.

Utover det har skulen dyktige og engasjerte programleiarar som er gode på å kome med innspel, både frå seg sjølve og frå pedagogane frå programmøta. Og til slutt har vår organisasjon, slik eg oppfattar det, svært open dialog på fellesarenaer i kollegiet og dermed har me involvert alle i endringsprosessar som skjer i organisasjonen.

Blogginnlegget starta inspirert av Hybertsen Lysø og slutta som ein slags statusrapport. Slik kan det gå. :o)

Men:
Kjenner ein seg igjen i det Hybertsen Lysø, Hope og Kjell Atle skriv?
Er dette noko ein har/kan lukkast med?
Ville ikkje desse fokusa også gjere skuleleiing lettare utover IKT-prosessane?


PS.
Det må ikkje fungere slik:


Lånt frå: http://lunchstriper.lunddesign.no (Ei side som anbefalast på det varmaste!) :)

onsdag 27. oktober 2010

Krumsvik om "den digitale læringsrevolusjonen"

No har eg, inspirert av refleksjonane på dei andre sine bloggar, lese meg opp på digital kompetanse. Rune Krumsvik reflekterer i boka Skulen og den digitale læringsrevolusjonen over begrepet digital kompetanse. Han samanliknar digital kompetanse med det engelske "digital literacy"- omgrepet og viser til at Ole Erstad sitt forsøk på å konkretisere omgrepet i ein norsk kontekst. I likhet med Erstad deler Krumsvik også digital kompetanse opp i fleire mindre deler. Mens Erstad bruker omrepet dimensjon foretrekk Krumsvik omgrepet grunnkomponent. Uansett, han deler digital kompetanse opp i følgande grunnkomponentar:

Den fyrste grunnkompetansen er basal IKT-ferdighet ein slags verktøykompetanse kor ein må kunne litt for å kunne gjere seg nytte av dei moglegheitene som ligg i IKT-teknologien. Litt som at ein må lære seg bokstavane for å kunne lese.

Den andre grunnkomponenten handlar om pedagogisk IKT-skjøn. Her er kunnskap om digitale medier, navigasjon, evaluering, integrering, og samarbeid saman med media IKT som artefakt sentralt. Sentralt her er vår oppfatning av kor me befinn oss i utviklinga med tanke på digital kompetanse. Ein startar som ubevisst og inkompetent og utviklar seg (forhåpentligvis) via mellomstadium som bevisst og inkompetent til bevisst og kompetent. Då eg las dette fann eg mykje eg kunne kjenne meg igjen i.

Grunnkomponent 3 dreier seg om læringsstrategiar og metakognisjon som er kobla til uttrykk for elevane sine læringsstrategiar i møte med ulike informasjonskjelder, og kunnskapsutvikling innan bestemte fag og tema. Kreativitet vert vektlagt her.

I den siste, fjerde grunnkomponenten finn ein den digitale danninga, kor mennesket har nådd eit høgare digitalt, etisk/moralsk nivå.

Til saman utgjer dette ei meir heilhetlig forståing av digital kompetanse kor fokuset ikkje ligg på det teknologiske men snarare på ei forståing av IKT som medium. For pedagogane vert det då ei viktig oppgåve å inkludere IKT i det pedagogiske arbeidet. Her vil det sjølvsagt spele ei stor rolle kva læringssyn ein har, og det er masse som kunne vore sagt om det. Det er relativt uproblematisk å slå fast at den digitale utviklinga utfordrar vår tradisjonelle oppfatning av både kunnskap og læring, men å kalle det ein digital læringsrevolusjon, slik Krumsvik gjer i sin tittel, meiner eg er nokre år forut for si tid.

Det som eg meiner er interessant med både Krumsvik og Erstad er at dei ulike grunnkomponentane eller dimensjonane kan brukast analytisk i organisasjonen når ein skal kartlegge status og vidare fokusområder. For min del likte eg godt den andre grunnkomponenten om pedagogisk IKT-skjøn som kan virke bevisstgjerande når ein skal reflektere over eigen praksis og organisasjon. Men også den tredje grunnkomponenten som gjeld metanivået er etter mi meining ein komponent kor det må vere ein stor overføringsverdi. Metanivået, det å lære å lære, og elevane sine læringsstrategiar er etter mi meining aktuelt i all pedagigsk virksomhet. I følge Kunnskapsløftet skal me jo setje elevane i stand til livslang læring, og kva er vel meir relevant då enn nettopp å lære å lære?

søndag 24. oktober 2010

"Bergen Private Gymnas - den digitale mønsterskolen?"

Kjell Atle tar opp dette i svar på eit av innlegga i bloggen og eg har lyst til å dele mine tankar om det.

Eg trur ikkje at me nokon gang kjem i mål med å vere ”den digitale mønsterskolen”. Eg trur heller ikkje det finns eit konkret mål der framme. Eg meiner heller at målet er veien og at skulen vår kanskje har gått lengre på veien enn andre videregåande skular.

Litt historikk

Eit moment som kanskje gjer at me har kome langt i prosessen med IKT er at elevar og pedagogar har hatt bærbare maskiner allereie frå oppstarten i 2005. Dette var kontroversielt på den tida og vart av ein del utanfrå sett på som eit reint salgstriks for å få søkjarar til skulen. Leiinga derimot såg dette som framtida. Pga den tidlige innføringa av IKT har mange av våre pedagogar, sett i norsk skuleperspektiv, lang erfaring i bruk av IKT i undervisning på vidaregående skule. Våre pedagogar er ungdommar i 30-åra som også har god kjennskap til bruk av IKT frå sine egne utdanningar frå universitet og høgskular.

Det at alle hadde bærbare maskiner var då også kjend for dei som søkte jobb på skulen og dermed hadde dei tatt stilling til bruken av bærbare maskiner allereie når ein vart ansatt. (Sjølvsagt ikkje til korleis ein brukte dei, men at ein hadde dei og at dei var ein del av skulens profil.)

Tidleg ”ferdig”

Me var også veldig tidleg ”ferdig” med tekniske utfordringar i forbindelse med nett-tilgang og maskiner. Eg bruker hermetegn fordi heilt ferdig vert ein ikkje med den raske utviklinga som skjer på IKT-fronten.

Erfaringane våre har derfor gjort at me på den tekniske sida har gått over til Mac til alle elevar pga at det er meir stabile maskiner med færre virus. I tillegg, for å halde oss oppdatert på utviklinga, er planen pr no at maskinparken skal byttast ut annakvart år med nye maskiner.

På den pedagogiske sida har me også komme langt fordi den pedagogiske leiinga har hatt fokus på dette over mange år og heile tida involvert pedagogane i prosessen. Det betyr at tankar ikkje har blitt tredd nedover hovuda på pedagogane men at det har vore satt av tid til, som Master skriv i svar til Kjell Atle, felles diskusjonar og refleksjonar rundt skulen vår sin pedagogiske profil og bruken av IKT oppi dette.

Det digitale er jo alltid ”nytt” og det har vore, og er, learning by doing. Eg nevnte i eit tidlegare innlegg i bloggen at noko av det me er opptatt av er “taking risks to challenge students/staff to not always do it like its always been done”. Dermed oppstår det nye erfaringar og tema som igjen fører til vidare refleksjonar i kollegiet.

På den måten går me saman vidare.


tirsdag 19. oktober 2010

Digital kompetanse - i praksis

Etter å ha skumma gjennom punkta i det utvida digitale kompetansesynet over, meiner eg jo i all beskjedenhet (ikkje mogleg å bruke det uttrykket utan å høyras kvalmande ut;-) at me er inne på masse av dette i diskusjonane me har hatt rundt vår skule sin pedagogiske profil, det digitale perspektivet inkludert.

På Bergen Private Gymnas jobber me digitalt i alle fag. IKT er en viktig del av undervisninga uansett kva studieprogram ein følger. Me skal lære elevane å bli bevisste mediebrukarar samtidig som dei får kunnskap om korleis dei kan delta i det digitale samfunnet. I dette inngår blant anna kildekritikk og kildevurdering.
Fleire av punkta nevnt i forrige innlegg om ein slags utvida digital kompetanse passer inn under denne forståelsen.
  •   becoming creators of content instead of consumers of content.
  •   taking risks to challenge students/staff to not always do it like its always been done.
  •   trusting our students and staff to learn the necessary skills when they see fit.
  •   being flexible with our time.

Ei av våre "fanesaker" er at elevane skal lære å lære. Det er eit mål at elevane skal vere godt førebudd til vidare studier etter tre år på BPG. Me har derfor ein pedagogisk profil der me blant anna legg stor vekt på det konstruktivistiske og sosiokulturelle læringssynet, der eleven er aktiv i å konstruere si eiga læring enten individuelt eller i samhandling med andre. I eit slik kunnskapssyn skal eleven sjølv utforma problemstillingar med utgangspunkt i det aktuelle læreplanmålet, innhenta og tileigna seg informasjon. Oppgavene vil vere forholdsvis opne for tolkning. Pedagogenn si viktigaste rolle vil vere som veileiar og ressursperson. Du skal ikkje bare pugge innhaldet i ei lærebok, men også bruke kjelder frå for eksempel internett og bibliotek. Me prøver også å dra inn det situerte lærinsgperspektivet, at det ein lærer skal opplevast som relevant og aktuelt for eleven og at me bruker metodar som dei seinare vil møta på i vidare studier. Me meiner jo også at med eit kunnskapssyn som er forståelsesorientert, ikkje "fasitorientert" er det viktig at elevane for ro til å fordjupe seg i eit tema. Derfor er for eksempel timeplanen organisert i økter, som gir ro til faglig fordjuping. Samtidig gir det rom for at dei sterke elevane får tilpassa utfordringar.

    * creating an environment in which everyone is a learner.
    * empowering our students and teachers to control their own learning.
    * ensuring opportunities for students to learn within their own passion.
    * providing the support needed for our students/staff to be life-long learners.
    * allowing students/staff to demonstrate their learning in multiple ways.
    *  allowing students to show mastery and moving on instead of waiting for the rest of the class.
    * developing a system that puts the learners needs in the middle and adjusts everything else about school around those needs.”



Ein av forelesarane var inne på noko av dette i si forelesning i slutten av august kor han introduserte begrepet serendipity. Det kan jo betraktast som ein slags literacy men likevel med ei litt annleis betydning. Han stilte i alle fall her spørsmålet om det var på tide med ein ny didaktikk for handtering av den kompleksiteten, informasjonsoverloaden, kva som er kriterier for rett og gale mht informasjon som ein møter i den "tilfeldige" vandringa på nett. Treng me ein didaktikkforståelse som er tilpassa web?
  
Dette, meiner eg, kan også sjåast i samanheng med det kunnskapssynet som me møter i den generelle delen av læreplanen. Nemlig det at all læring har overføringsverdi og er aldri uløyselig knytta til eitt fag eller ein spesiell livssituasjon. Opplæringa skal ta utgangspunkt i det kjente og utvikle kunnskap, haldningar og ferdigheter som gir faglig og personlig meistring. Dette blir konkretisert gjennom begrepet heilhetlig kompetanse, som omfattar vår totale evne til å handle aktivt og bevisst i våre omgjevnader. Opplæring som tar sikte på å utvikle heilhetlig kompetanse, vektlegg at eleven skal få trening i å løyse oppgåver med forstand og innsikt og i tillegg sjå konsekvensar av eigne handlingar (frå skolenettet). Denne heilhetlige kompetansen og overføringsverdien må jo også gjelde det digitale perspektivet slik eg ser det.

 
Dette var litt i hurten og sturten. Kjem sterkare tilbake. Innspel mottas med takk.

mandag 18. oktober 2010

Ein liten Facebook-digresjon...

Facebook heldt på å dø ut ifølge teknonerden og grunnlegger av AlwaysOn, Tony Perkins.

Ei undersøking gjort av analysebyrået otxresearch.com viser at kvar femte Facebook-brukar mellom 13 og 17 år, har mista interessa for nettsamfunnet og lar profilen sin langsomt dø ut.

"- Tenåringer er meget skeptiske til Facebook, fordi de føler det som en tvungen sosial norm", seier Tony Perkins.

Han er redd for at hvis Facebook ikkje maktar å tilføra nytt blod, så er døden nært foreståande. Trendar på nettet vert nemleg ofte drive fram av dei unge, og når de ikkje lenger er opptatt av Facebook, betyr det at dei er opptatt av noko anna.

Gjekk Facebooktoget mens vår generasjon stod att på perrongen og tenkte på hyperkompleksitet og digital danning?
Skjer utviklinga så fort innanfor IKT at me må finne andre mål å gå etter?
Som f eks å sjå og tenne forskargnisten i elevane uavhengig av kva verktøy dei tar i bruk?
Kva konsekvensar får det for oss som skuleleiarar?

Sjå saka hjå www.online.no.

fredag 15. oktober 2010

What Are You Doing To Threaten The Status Quo?

Sat og tenkte rundt blogging og deling mellom skuleleiarar slik me gjer no, og googla litt rundt etter andre bloggsamlingar med same funksjon. Då kom eg over den overskrifta eg har på dette innlegget. På bloggsamlinga www.connectedprincipals.com er det mange gode innspel frå forskjellige skuleleiarar.

Kanskje me skulle hatt ei slik samling på norsk også?

Innlegget med overskrifta eg har lånt, har fokus på IKT for deretter å løfta blikket vidare utover det å kun dele ut bærbare maskiner. Her var det mykje ein kunne kjenne seg igjen i.

Bloggforfattaren svarar først på spørsmålet i overskrifta slik han meiner kanskje nokon på skulen hans ville tenkt:

What are we doing at Van Meter to threaten the status quo?

Some would say this:

  • Providing laptops to students in grades 6-12
  • Embedding technology in most lessons
  • Providing meaningful PD through development of Professional Learning Communities
  • Time for teachers to collaborate by changing start and end time of school day
  • Focusing teacher learning on the 5 characteristics of effective instruction
  • Skyping with people all over the world including the creators of Sweet Search, YouTellYou, and Diigo

Deretter forkaster han desse og kjem med nokon meir overordna:

If we are going to change the status quo, we must truly challenge what schools were designed to do, educate the masses to be relatively the same at relatively the same time. How are we doing this at Van Meter? We are:

  • creating an environment in which everyone is a learner.
  • empowering our students and teachers to control their own learning.
  • ensuring opportunities for students to learn within their own passion.
  • providing the support needed for our students/staff to be life-long learners.
  • allowing students/staff to demonstrate their learning in multiple ways.
  • becoming creators of content instead of consumers of content.
  • taking risks to challenge students/staff to not always do it like its always been done.
  • trusting our students and staff to learn the necessary skills when they see fit.
  • being flexible with our time.
  • allowing students to show mastery and moving on instead of waiting for the rest of the class.
  • developing a system that puts the learners needs in the middle and adjusts everything else about school around those needs.”

Spesielt punktet “taking risks to challenge students/staff to not always do it like its always been done” er noko me må vere opptatt av i den tida me er inne i med den rivande utviklinga på IKT-fronten.

Ein artikkel i Illustrert Vitenskap 15/2010, (eg har dessverre ikkje funne den på nett), viser til at det kjem ”en hel skog av tekniske hjelpemidler som bidrar til å aktivere elever og studenter til å lære selv. Barna simulerer situasjoner i dataspill, samler kunnskapen i såkalte wikier, lager spørreundersøkelser i beste ”Vil du bli millionær”-stil, og mye, mye mer. Elevene synes dette er helt naturlig. Barn som begynner på skolen nå, har nemlig vokst opp med datamaskiner, smarttelefoner og Wikipedia. De er den digitale generasjonen med digitale skolesekker.”

Eksemplene frå artikkelen er henta frå NASA sitt forskningssenter ”Classroom for the future” og dei beskriv også ”Microsoft Surface” og ”SMART table” der skolepulten er ei datamaskin og bordplata ein berøringsskjerm. Her er ein demofilm for Microsoft Surface.


Kanskje ikkje lenge til dette er vanleg? Då vert kanskje den andre punktlista frå Van Meter Schools Secondary Principal, Deron Durflinger, endå viktigare?

PS.

Hvis du vil lage jeopardy eller kanskje noko anna på smartboardet. Sjekk linken her.


onsdag 6. oktober 2010

Strategien videre

I dagens leiarmøte fekk me i oppdrag av dagleg leiar å skrive eit strategidokument for skulen vår. Me har ein tidligare utgåve, men har bestemt oss for å starte på nytt og begynne prosessen med å plukke ut hovedområder og lage ein overordna struktur. Her må sjølvsagt det digitale perspektivet inngå. Spørsmålet er om det skal integrerast i den pedaogiske profilen eller skiljast ut som ein eigen del. Eg heller til det fyrste, men tar gjerne mot innspel her.

Når det er sagt kjem nok strategidokumentet til å ha ein eigen del om IKT som dokumentasjon og struktur, her tenker eg på ting som bruk av kalender, planlegger, fast mappestruktur, læreplanmål knytt til fagøktene  etc. på systemnivå som er ei blanding av det administrative og det pedagogiske. Med det meiner eg at for administrasjonen er den digale dokumentasjonen viktig og at det sjølvsagt grip inn i det pedagogiske at det til alle undervisningsøkter skal knyttast læreplanmål etc., men når me snakkar om den pedagogiske delen av det tenker eg på for eks kildekritikk/-vurdering, kildereferanse, nye måtar å jobbe på med det digitale som aukar læringsutbytet. Her meiner eg IKT må inngå som ein integrert del av ein pedagogisk profil. Men dette vil eg gjerne ha dykkar synspunkt på. Alle gode tips til strategidokument tas mot med takk.

søndag 3. oktober 2010

Med fokus på kropp og sjel...

Denne veka skal me ha ei temaveke "Med fokus på kropp og sjel" på skulen og arbeidet med den veka tok det meste av fokus forrige veke.

Alt handler ikkje om IKT når det gjeld ungdom og det er viktig å ta vare på seg sjølv og kvarandre også.

Ta gjerne turen innom heimesida til skulen for lese meir. Me tar gjerne i mot generelle innspel på korleis me bruker heimesida. I tillegg har skulen nettopp lagt opp ei offisiell facebookside.

Og eg?
Eg kjem sterkare tilbake neste veke når skulane i Hordaland har haustferie.

mandag 27. september 2010

Skolen som lærende organisasjon

Da digital kompetanse er en av de fem basisferdighetene som skal integreres i alle fag mener jeg at som ledere har vi et særlig ansvar for å utvikle skolen som lærende organisasjon hvor IKT inngår som en integrert del av de prosessene og den pedagogiske helheten som preger en skole. Et viktig spørsmål blir da hva som kjennetegner en lærende organisasjon.

I den forbindelse vil jeg trekke fram Peter Senge, som tilbyr en nyttig innfallsvinkel for skolen som lærende organisasjon. En lærende organisasjon må bestå av minimum fire dimensjoner, mener han. For det første er personlig mestring viktig. For det andre må organisasjonen også ha felles mentale modeller for hvordan ting skal fungere. Et tredje moment er teamlæring som inkluderer evaluering av hvordan ting virker viktig. Og for det fjerde må man også ha et felles ståsted, kollektivitet, som danner rammenes for den enkeltes virksomhet og som den enkelte må handle innenfor. Dette, hevder Senge, må skoleledelsen være mandathevende for. Som leder må man skjønne og analysere hva som er problemet. Man må analysere organisasjonen og se helhetlig. Utfordringen blir å få alle aktørene til å tenke helhetlig og i samme retning. 

I følge Senge er opplevelsen av mestring viktig når nye ting skal implementeres. Også Einar Skaalevik legger vekt på at tro på egen dyktighet veldig viktig. Dette er jo også i tråd med undersøkelsene som ble presentert på samling av Kjell Atle Halvorsen, som viser at lærare som føler seg digitalt kompetente i større grad ser muligheterfor økt læringsutbytte ved hjelp av IKT og omvendt. Mange lærere har en slags frykt for å ta med seg noe inn i klasserommet som de ikke mestrer. Dette innebærer at man når man skal endre praksis i en organisasjon  og analysere hvordan man skal ”trekke de andre med” i det vi forsøker å få til er det viktig at lærerne føler de mestrer det nye, her IKT. Et viktig spørsmål her blir jo da hvordan vi som ledere skal skape gode mestringssituasjoner som videre bidrar til å skape et godt grunnlag for innføring av IKT i det pedagogiske arbeidet.

Her er det nok mange strategier ledelsen kan bruke. Blant annet mener jeg det vi lærte om å ”erobre et handlingsrom” i en tidligere modul er relevant. Skoleledelsen må analysere egen organisasjon og legge en plan for ønsket utvikling. Man kan for eksempel ha en innovasjonsgruppe som prøver ut nye ting i forhold til bestående praksis og slik posisjonere seg. Videre må i neste fase resten av organisasjonen involveres og den nye praksis evalueres. Kommunikasjon og gode felles refleksjonsarenaer er viktig her. I den siste integreringsfasen, hvor målet er at alle på skolen skal integrere dette i sin praksis er det viktig med støtte fra ledelsen og at ledelsen utad viser at man har tro på dette nye. Målet er selvsagt at man på skolen får en ny praksis, enten det gjelder bruk av IKT eller andre nye ting.

lørdag 25. september 2010

From Knowledgeable to Knowledge-able, Experiments in New Media Literacy

Før me kjem tilbake om tankar om lærande organisasjonar vil eg ta fram noko anna.

Har tidlegare vist til foredraget med Michael Wesch, Assistant Professor of Cultural Anthropology ved Kansas State University (bildet), både på itslearning og i kommentarar rundt på medstudentars bloggar, og vil med dette innlegget utfordre dykk til å ta den tida det tar til å sjå heile foredraget. (Foredraget må sjåast mens de er kobla på nett. Det går ikkje an å laste det ned. Takk for tipset, Hanne)

Michael Wesch er inne på digitale innvandrarar som Janne har refleksjonar om i sin blogg tenkebox'en. (Men han argumenterer for at det ikkje finns "natives"...)

Han viser også bruk av web 2.0 i undervisninga. Ikkje alt med suksess, men han kjem med gode betraktingar rundt web 2.0 og bruken av denne, litt på samme måte som Michael på Sorgenfri. Han kjem og med interessante tankar rundt lærarens rolle og mulighetene i framtidas digitale skule som Hanne skriv om hjå seg samt at han er inne på at det set ei heil verd av mennesker kobla opp mot internett som kan dele informasjon og fakta på for eksempel wikipedia slik Sverre er inne på i innlegget leksikale gleder og at dette er noko me må forhalde oss til.

Kva tankar set blogglesarane på Den proximale sone att med etter å ha sett dette foredraget?


PS.
Aftenposten kan de lese ein artikkel om Fast Future Research, eit globalt framtidsforskning- og konsulentfirma, sine tankar om framtidas yrker. (Originalrapporten kan de lese her.)

Interessant lesning. Korleis kan me førebu studentar på dette?
Tenkje "From Knowledgeable to Knowledge-able" med Michael Wesch?

lørdag 18. september 2010

Om å leie kunnskapsarbeidarar


Inge Jan Henjesand, leiar for kunnskapspolitikk i Abelia, NHOs forening for kunnskaps- og teknologibedrifter, deler i sin blogg nokre tankar om det å leie kunnskapsarbeidarar. Innlegget har den talande tittelen: ”Ledelse – sa enkelt, og så vanskelig”.

Henjesand skriv: ”Gode ledere liker å ha med mennesker å gjøre, de liker å omgi seg med medarbeidere som er flinkere enn dem selv og de liker å involvere seg i dialog med sine medarbeidere.”

Henjesand skriv også: ”Det er lederens ansvar å sette rammer for samtalene i organisasjonen, delta i samtalene-, og bidra til at temaene i samtalene er relevante for utvikling av organisasjonen.”

Det Henjesand seier om leiarrolla med å like ”å involvere seg i dialog med sine medarbeidere” og det å ”bidra til at temaene i samtalene er relevante for utvikling av organisasjonen” kan ein sjå som det same som å dele og bruke kunnskap samtidig som Hemjesand får med at leiaren har eit ansvar for å leie og styre endrings- og utviklingsprosessane.

I og med at IKT i 2010 ein del av heilskapen i skulen:
Vil det vere spesielle forhold med hensyn til IKT som ikkje vert dekka dersom ein som skuleleiar fokuserer mest på det overordna målet om skape og styrke skulen som ein lærande organisasjon?

Vil ein ikkje "automatisk" ta grep i forhold til det Michael skriv i kommentarfeltet?
"En skole må sørge for at staben blir kjent med teknologien, slik at de kan gjøre seg nytte av den. Det krever faktisk en del ren skolering i basiske digitale ferdigheter. Det er en lederoppgave å sørge for at dette blir gjort."

Og som Trine skriv: "Skolelederen må forvalte den kunnskap som finnes i egen organisasjon på en god måte og legge til rette for utvikling og kollektiv læring."

God sagt.


PS.
Stortingsmelding 30 ”Kultur for læring” (2003-2004) (s. 23):
”Kunnskap skiller seg fra andre ressurser ved at den ikke er en knapp ressurs. Tvert imot vil kunnskapen øke i verdi jo mer den deles og brukes.”

Her er Albertine Aaberge, mediepedagog frå Sogndal, sin blogg om ”digital kompetanse og litt til”. Deling i praksis.

søndag 12. september 2010

Endring og utvikling

I boka “Opening Up Education - The Collective Advancement of Education through Open Technology, Open Content, and Open Knowledge” (The MIT Press, London, 2008), seier John Seely Brown i forordet:
”…we need to think about how technology, content, and knowledge about learning and teaching can be creatively combined to enhance education and ignite students’ passions, imaginations and desires to participate in constant learning about (and sensemaking of) the world around us.”

Eg synes det er ein veldig fin formulering både fordi Brown ser teknologi, innhold, og kunnskap om læring og undervisning i ein heilskap men også fordi han tar med begrep som ”passions, imaginations and desires” når det gjeld studentane. Det handlar framleis om å tenne gnisten.

I artikkel 21 i same bok, skriv Diana Laurillard:
“Many teachers and lecturers have embraced technology to assist their own pedagogic ambitions for their students, but most have not. The powerful drivers of their behavior as professionals do not drive them towards use of technology—assessment methods, inspection criteria, promotion criteria, and funding flows continue to be directed towards traditional teaching—and yet these are the determinants of classroom practice. Inevitably, with little system support around them, any teaching innovator will expend much energy in working against the grain of the existing system.
To counter these endemic constraints on innovation, we need education leaders to create the “learning organizations” that are “capable of adaptive learning” (Laurillard, 2002), in which professionals can work together to experiment and build a better system. But it cannot all be “top-down.” We also have to prepare for what this means for teachers and lecturers, and how they could drive system change “bottom-up.””

Som i Stortingsmelding 30 ”kultur for læring” (2003-2004) ser vi at “learning organizations” dukker opp også her.

ITU er også inne på noko av det same i sin oppsummeringsrapport etter ITUs inspirasjonsseminar for skuleleiarar våren 2009:

”Ledelsen ved den enkelte skole er suksessfaktor nummer én for utvikling av digital
kompetanse. I denne sammenheng har rektor den helt sentrale rollen som pådriver. Det er avgjørende for å lykkes at rektor selv går i spissen for den omstilling av skolens organisering og pedagogiske virksomhet, som en integrert bruk av digitale verktøy representerer.

Dette forutsetter at rektor har både endringsvilje og ‐kompetanse. Samtidig er rektor avhengig av støtte og drahjelp fra alle i ledergruppen for å lykkes. Dette krever en god forankring og et felles eierskap i ledelsen, og ble framhevet som viktig av lederne vi møtte på samtlige seminarer. Med en god forankring i hele ledergruppen blir det mulig å utarbeide planer som forplikter, iverksette innovative tiltak, stille krav til lærerne og innføre rutiner for oppfølging.”

ITU forutset altså endringsvilje og -kompetanse.

Samtidig, i grunnlagsdokumentet for anbud for dei utdanningsinstitusjonane som ville starte rektorutdanning, beskriv Udir fire kompetansekrav som skal dekkast.

”Elevenes læringsresultater og læringsmiljø”, ”Styring og administrasjon”, ”Samarbeid og organisasjonsbygging” og til slutt ”Utvikling og endring”.
Om det siste punktet skriv Udir:

”En rektor har det overordnede ansvaret for utvikling og endring i skolen og hos lærerne. Både samfunnet, elevgrunnlaget, foreldre, teknologien og politikken endrer seg, og fagene utvikler seg. Ledelse og styring av utviklings- og endringsprosesser blir en av de viktigste, men vanskeligste oppgavene.”

Les gjerne den siste setninga ein gong til: ”Ledelse og styring av utviklings- og endringsprosesser blir en av de viktigste, men vanskeligste oppgavene.”

Kanskje skuleleiarane først og fremst bør ha fokus på arbeidet med skulen som lærande organisasjon? For slik, på generelt grunnlag og ikkje berre innanfor IKT, å kunne drive ein skule som er rask til å prøve og vurdere nye idear og retningar inn i kvardagen?

Hvis det er slik må ein fortsette arbeidet med skuleutvikling, som Svein Rognaldsen beskriv slik: ”Skoleutvikling handler om å komme i inngrep med lærernes, elevenes, men også med skoleledernes bakhodemodeller og med kulturen på den enkelte skole. Skoleutvikling handler om solid tilrettelagte og gjennomførte lære- og refleksjonsprosesser.” (Rognaldsen, 2008: s. 129)

Då må ein også skape tid og rom for arenaer som gjev mulighet til refleksjon. Bør ein først ha fokuset på dette?

Tilbake til Stortingsmelding nr 17 ”Eit informasjonssamfunn for alle” (2006-2007): ”Skuleleiing handlar (derfor) både om teknologi, pedagogikk og organisasjon.”

Kanskje organisasjon kjem først av dei tre?

PS.
Ein liten digresjon: Med tanke på den digitale revolusjon dagens ungdom har vakse opp i, skriv Krumsvik: ”Medan vaksne før kunne vise til at ”dei og hadde vore unge ein gong”, er dette eit munnhell som ikkje lenger er legitimt å bruke” (Krumsvik 2007, s. 265).

Kanskje me aldri vil klare å ta att det ungdomen i dag gjer og har opplevd digitalt? Rektor Trond Blindheim ved Markedshøyskolen var aktiv på fleire sosiale nettverk. Korleis endte det? Social media fatigue…