fredag 12. november 2010

Blogg som modularbeid

I gang med refleksjonsnotatet no og sit og reflekterar rundt blogg som modularbeid.

Etter mitt syn går argumenta for blogg som modularbeid utanpå motargumenta.

Fordelen med blogg vil vere at veileiar kan sjå kva retning me går i i våre interesser og ser at det inspirerer oss som studentar når me får skrive om det me fokuserer mest på. Det er dette med "å tenne gnisten". Og for meg har blogg fungert som ein motiverande måte å arbeide på.

Argumenta mot blogg som eksamensform er at det kanskje vert for tilfeldig kva me studentar fokuserer på, eller ”heng oss opp i”. Som eksempel: Eg har fokusert mest på skuleleiarens rolle og andre har fokusert mykje på digital danning.

Men eg meiner samtidig motargumenta mot dette forsvinn litt i det faktum at me skal besøke kvarandres bloggar og kommentere og reflektere på dei innlegga som finns der. På den måten får me ny vinkling på kunnskap som me sjølve kanskje ikkje har sett på samme måte når me har sett oss inn i den sjølv.


Viktige medstudentar

I forbindelse med blogg som eksamensform er det takka vere medstudentane fleire moment som har som har gjort meg meir opplyst og samtidig gitt meg motivasjon til å lære meir. For å nevne nokon:

- Å sjå korleis medstudentar har tolka tekstane om f eks Lankshear og Knobel sine digital literacies og Quortrup sitt hyperkomplekse samfunn opp mot mi eiga tolkning av desse artiklane. Det same gjeld djupdykka andre har tatt innanfor digital danning og ikkje minst koblinga til digital kompetanse (Dons).

- Å sjå korleis medstudentar finn andre kjelder reflekterer rundt desse og viser desse fram til oss som kanskje aldri hadde fått sett desse kjeldene ellers.

- Å lese kommentarar om korleis medstudentar har oppleve og lest mine innlegg. (Det er ein sterk inspirasjon. Og ei viktig påminning om kor viktig det er å sjå og å bli sett…)

- Å sjå at også medstudentar også har hatt stunder der lesing av andres blogginnlegg har vore lettare enn å begynne på sitt eget for så å tenkje at dei andre skriv så mykje bedre enn meg.

Og eg er enig med Hege Alice sin kommentar om at blogg vart ein endå betre opplevelse når eg kom i gong med å besøke fleire og fleire bloggar i tillegg til studiegruppa sine.

PS.

Eg har gjort det til ein vane å dele linkar på slutten av innlegga og i dette siste innlegget vil eg vise til ein artikkel om Øyvind Hammer, Ole Einar Bjørndalen sin tidlegare motivasjonscoach.

I dagleglivet kan ein av og til kanskje verte motlaus eller demotivert hvis det ikkje går slik som ein vil. Men ifølge Hammer kan eventuelle irritasjonemoment eller problem av større eller mindre art bli sett i perspektiv, og potensielt bli avvæpna, om ein stiller seg sjølv følgande tre spørsmål:

1. Kor viktig er det som skjedde akkurat no i internasjonal sammenheng?
2. Kunne det ha vore verre?
3. Finns det nokon menneskje som ville ha bytta sine problemer mot mine no?

Eg er sikker på at desse spørsmåla kan hjelpe mange hvis det buttar imot enten det er i implementeringsarbeid eller livet generelt.

Takk for følget.

Mixmaster.

Begynnande refleksjon

Det nærmer seg refleksjonsnotat og eg har ikkje bestemt meg for om eg vil legge ut refleksjonsnotatet på bloggen enda, men eg vil uansett benytte anledningen til ei lita oppsummering av bloggerfaringane mine. Eg er glad for at eg valgte bloggalternativet, og føler at eg har lært masse av denne prosessen. Det har vore gjevande å få kontinuerlig feedback undervegs som kan bidra til at boggen tar ein annan kurs enn fyrst tenkt. Og det har vore lærerikt å følge dåke andre på kurset sine bloggar og på den måten få ta del i dykkar erfaringar. Særlig det å lese om andre sine erfaringar og problemstillingar som blir drøfta i lys av relevant teori syns eg har bidratt til eigen forståelse og tankeprosess. Og det har hjelpt meg til å prioritere med omsyn til teori. Takk til dykk alle for gode og konstruktive tilbakemeldingar i løpet av bloggperioden!

tirsdag 9. november 2010

"Like a Bridge Over Troubled Water"

Dette blir nok mitt siste innlegg på denne bloggen. Etter å ha lese Ludvigsen sin artikkel om IKT , kompleksitet og nye krav til kompetanse, leste eg Krumsvik og situert læring for deretter å gå tilbake til Ludvigsen igjen. Eit viktig spørsmål hos Krumsvik er følgande: “Kvifor og korleis kan situert læring bli nytta som ei "linse" for å fange opp korleis den digitale revolusjonen påverkar skulen sin aura og "ut av skulen"-læring i nettverksamfunnet?”

Situert læring kan beskrivast som situasjonsbestemt læring i eit praksisfelleskap. Det som kjenneteiknar måten ungdom opererer på i nettverkssamfunnet er jo nettopp det at dei er online i enorme, digitale praksisfellesskap. Spørsmålet er korleis skule kan bruke erfaringane frå læringa som skjer i dette nettverkssamfunnet og bruke dette pedagogisk. Dette er også Michael inne på i sitt blogginnlegg om spel og læringsmoglegheitene som ligg i dette. Eg syns det han skriv her er så bra at eg har kopiert det inn under:

"Vi kan gjenkjenne elementer av dette fra egen praksis. Når læring er situert, i motsetning til en akademisk frakopling fra kontekst, registrerer vi motivasjon, utholdenhet, løsningsorientering og bedret selvbilde som gode produkter av læringsprosessen. Dette gjelder selvsagt ikke bare i tilfellet digitale læringsspill, men også i andre simuleringer. Eksempler er SIMU-bedrift som metode i Utdanningsprogram for Service og samferdsel, ungdomsbedrift og drama som metode i en rekke fag. Erfaringer med sommerskole i Buskerud peker i samme retning. Det er da grunn til å tro at tilsvarende effekter vil komme når bruk av teknologi i form av spill gjør læring situert samtidig som ledelse og ansvar for utførelsen distribueres."

Korleis kan det som Krumsvik og Schaffer beskriv bidra til ei endring i det tradisjonelle bildet på læring?  Krumsvik foreslår at ein må fokusere på IKT-implementeringa i skulen, og gjennom eit situert syn på læring bygje bru mellom formelle og uformelle læringssituasjonar utan at ein mister læringsfokuset. Læraren som klasseleiar og læraren sin pedagogiske, faglige, metodiske og didaktiske kompetanse er ei forutsetjing for å lukkast i å bygge desse bruene. Korleis gjer ein så dette i praksis?

Her går eg tilbake til Ludvigsen igjen. Med sine tre klasserom, det tradisjonelle, det konstruktivistiske og det sosiokulturelle pekar Ludvisen på viktige læringsperspektiv og syn på korleis læring skjer (Ludvigsen, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi,, læring og klasserommet). I dette siste synet, på klasserommet som læringsfellesskap, legg vekt på nettopp læring som deltakelse i eit praksisfellesskap. Dette, seier Ludvigsen, kan beskrivast som eit situert perspektiv som ligg nær vår kvardagforståelse og derfor vil opplevast som meir relevant for elevane. Det sosiale aspektet og eleven si aktive medverkning i læringsprosessen er viktige aspekt her. I dette klasserommet vert det lagt vekt på kollektive arbeidsformer, undervegsvurdering, mapper for å synleggjere læringsprosessen, aktuelle “verkelighetsnære” prosjekt og oppgåver og eit mangfald av læringsressurser utover læreboka. I dette perspektivet er det ikkj enkeltferdighetene, men utviklinga av eleven sin evne til å delta i komplekse aktiviteter som blir utvikla, altså ein slags høyere ordens kunnskap og ferdigheter  (dette har eg forklart nærmare i forrige innlegg). I forlengelsen av dette synet vert IKT å betrakte som ein “kulturell utvidelse” (Ludvigsen, Læring og IKT), ein læringsressurs som bidrar til eit store mangfald og kommunikasjon med omverda. Andre moment some r viktig her er at læreplanene er opne nok til at den enkelte skule får lokel frihet til å finne innfallsvinklar som kan stimulere elevane til å delta. Me har løyst dette ved å for eksempel gje elevane det aktuelle læreplanmålet(/a) og vurderingskriterier og invitere dei til å vere med å utforme det konkrete innhaldet. Eller at dei får vite læreplanmål og eit tema og sjølve må utforme ei problemstilling. For at dette skal fungere er det nok ei forutsetning at skulen har eit felles og kontinuerlig fokus på denne måten å lære på slik at elevane er kjent med kva som vert forventa av dei.

Det viktigaste som Ludvigsen seier i sine artiklar er likevel etter mi meining at IKT i seg sjølv har lita endringskraft i forhold til skulen si verksemd. Det som er den avgjerande faktoren er den pedagogiske praksisen. Så enkelt, og så vanskelig.

søndag 7. november 2010

Ting skjer fort

Bill Gates sa 6 august 2010: Five years from now on the web for free you’ll be able to find the best lectures in the world..”

Og no tilbyr London School of Business and Finance MBA-utdannelse gratis på Facebook. Det vil sei: Sjølve kurset er gratis men studentane må betale for vurderingar og eksamenar.

"Firstly it means that those interested in learning business skills can now do so from some of the best business lecturers, through an innovative and familiar delivery channel at no cost; and secondly those considering going for formal MBA qualification can test both the quality of the programme and their aptitude and interest before any financial commitment."

"While qualifications are still necessary to complete the accredited LSBF Global MBA™ – a BSc/BA or five years professional experience – there will be 100s hours of free study resources available to all users, including 80 hours of high definition video content. Unlike all other MBAs, no fees will be required up front allowing students to save for exams or to pay when it suits them financially. "

Du kan sjå en video om dette tilbodet nede på denne lenka.

Ting skjer fort...

Kanskje godaste Bill var for pessimistisk i sitt tidsperspektiv?
Er det nokon av skulane de kjenner til, det er kanskje mest aktuelt i vidaregåande, som legg ut undervisningsforelesningar på nett?


PS.

Her kan ein lese om blogging og mykje anna på den svenske sida Kolla Källan. Og her er deira tips til elevøvingar i forbindelse med kjeldekritikk og blogg.

fredag 5. november 2010

Læring og IKT

No held eg på med Sten Ludvigsen sin artikkel som har undertittel "- Et perspektiv og en oversikt" (Ludvigsen 2000). Fokus for artikkelen er med forfattaren sine ord "hvordan vi kan forstå relasjonen mellom læring og informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)". Sten Ludvigsen sine "tre klasserom" og tilhøyrande kunnskapssyn har vore fast innslag på våre fellesmøter over lengre tid, så eg hadde på førehand store forventningar til denne artikkelen.

Eit viktig poeng i denne artikkelen er at vilkåra for læring og kommunikasjon på generelt grunnlag vert endra og at IKT skaper på mange måtar skaper spesifikke vilkår for læring. Den nye teknologien endrer på mange måtar verdsoppfatninga vår, endrar forholdet mellom det lokale og globale og opphever på mange måtar begrensningar knytt til tid og rom, men bidrar også til ein ny kompleksitet i samfunnet. I følge Ludvisen medfører denne nye kompleksiteten i samfunnet endringar i krava til kompetanse for den enkelte som no må vere i stand til å jobbe med informasjon på avanserte måtar. Desse avanserte måtane, seier Ludvigsen, kan forståast som ein slags "høyere ordens kunnskap og ferdigheter" (ibid). Fordi eg syns dette var så bra, og fordi eg på generelt grunnlag er svært begeistra for eit sosiokulturelle og problembasert læringssyn, har eg inkludert desse krava i sin heilhet under:

"
  • evne til å lokalisere, samle, sortere, klassifisere, sekvensere, sammenligne, kontrastere og analysere relevant informasjon,
  • å kunne argumentere for handlinger og påstander, trekke konsekvenser av fakta, forklare hvordan man tenker, bedømme på grunnlag av bevis, 
  • å stille relevante spørsmål definere problemer, planlegge og gjennomføre prosjekter, predikere resultater av forsøk, teste konklusjoner og ideer, 
  • å utvikle ideer og hypoteser, skape nye løsninger og bruke fantasi,
  • å vurdere det man leser, hører og gjør, utvikle kriterier for å vurdere eget og anres arbeid, se begrensningene i egen kunnskap og vurdere om egen innsikt er tilstrekkelig.       "
Eit hovudargument er at fleire må bli i stand til å da del i komplekse arbeidsoppgåver og beslutningar. Ludvigsen knytter deler av denne auka kompleksiteten til utviklinga innan IKT men også til eit meir differensiert samfunn kulturelt, sosialt og økonomisk.

Dette må me ta med oss når me skal designe læringsomgjevnader. Me må la elevane jobbe både med kompleksitet med omsyn til eit mangfald av ressurser og kjelder, samtidig som dei også må få meir avgrensa oppgåver. I dette spenningsforholdet, mellom ein kompleksitet som kan vere for utfordrande og ei avgrensing som kan opplevast som utan relevanse, kan ein stimulere til kompetansekrava som er nevnt over. IKT gir ein moglegheit til å jobbe med ulike ressurser og kjelder samtidig som det byr på mange utfordringar. I neste innlegg vil eg sjå på det sosiokulturelle perspektivet på læring med særlig fokus på IKT, læring og samhandling.

torsdag 4. november 2010

Hvordan bli en god skole på læringsplattformer?

Dette innlegget begynte egentlig som eit svar til Janne sitt spørsmål til Mixmaster i innlegget hans om leiing. Men så innsåg eg at det kjem til å bli alt for langt, så det vart forfremja til eit innlegg.

Eg har no lese IKT-boka 2.0 og fann i kapittelet med same namn som bloggtittelen med underkapittelet Terje Risa - Akademiet videregående skole. Terje har omdefinert LMS frå Learning Management System til Læring, Mennesker, Samspill. Han er tydelig på at It`s Learning (og SkoleArena) er bransjeverktøyet vårt og at It`s Learning fungerer som pedagogisk lim i organisasjonane.

Terje Risa er også daglig leiar på Bergen Private Gymnas og på same måte som han har styrer aktivt og tydelig etter dette på Akademiet, er dette også implementert på BPG. Me har fleire krav til dette, blant anna skal alle fag og undervisningsøkter knyttast til læreplanmål, kalender skal brukast med lenker til ressursar og alt faglig som skjer av presentasjonar, tavlenotat (smartboardnotat), oppgaver og andre ressursar skal lagrast, saman med årsplan og vurderingskriterier, i faget på It`s Learning. Det blir stilt klare krav til alle ansatte om at dei skal ha/utvikle god digital kompetanse. Og det blir satsa bevisst på kompetanseheving i organisasjonen. Ofte er programleiarane med oss i leiinga på kurs i for eks nye It`s Learning- ting. Deretter har me gjerne eit møte og diskuterer saman kva me skal velge ut og korleis me skal kurse og gjennomføre dette i organisasjonen.

Som sagt er Terje Risa daglig leiar på både Akademiet og Bergen Private Gymnas. Dei to skulane har noko ulik pedagogisk profil, men har felles ståstad med omsyn til LMS og samarbeider om tilbudet innan programfag og framandspråk. Den felles visjonen for dei to skulane er at "Vi skal være den beste og mest fremtidsrettede skolen i Norge". Akademiet sitt slagord er "For deg som vil litt mer", mens BPG sitt slagord er "Gi deg selv et forsprang". Dette går igjen i heile organisasjonen, leiing, pedagogar, vaskepersonalet, elevar. Du skal få eit forsprang på BPG, enten du underviser der eller er elev. Det forplikter, på alle nivå. Og sidan eg jobbar på BPG legg eg kun ut eit bilde av vår skule si nettside med vår logo.:-)

For dei som er interessert, er dette å finna på s 103 i IKT-boka 2.0.

Eit anna aspekt ved denne boka som eg likte var kapittelet som heiter "Kan vi gi oppgaver som ikke kan googles?". Her peiker forfattaren på nye utfordringar i forbindelse med den digitale skulekvardagen og behovet for ei omformulering av spørsmåla for å unngå at elevane googlar seg fram til eit faktasvar. I følge Salvesen må spørsmåla tilpassast den nye verkeligheten slik at elevane får bruke nettet og samtidig har utfordringar med å finne "svaret". Salvesen viser fleire eksempel på korleis han meiner me må justere måten me stiller spørsmål på slik at elevane i stadenfor å ukritisk gjengje faktastoff må resonnere, analysere og evaluere sjølv. Eg fann fleire gode tips her som eg vil ta vidare på min skule på komande fellesmøte. Ein fellesnemnar for råda han kjem med er, etter mi meining, eit problemorientert  læringssyn kor det vert lagt vekt på eleven sin rolle i utforming av problemstillingar, eleven som forskar og eleven som innhaldsleverandør. Eit naturlig steg vidare innan eit slik læringssyn vert då å i større grad frigjere seg frå læreboka og sjå på denne som kun ei av fleire moglege (om enn foretrukken) kjelde og vidare utforme vurderingskriterier som er tilpassa denne måten å jobbe på. Kva er det for eksempel som kjenneteiknar ei god problemstilling?

Dette begynte med læringsplattformar og endte med læringssyn. Men for å sitere ein kjent politikar: "Alt henger sammen med alt".  

onsdag 3. november 2010

Blogg til lyst

Flåsete tittel - jada. Men kva gjer ein ikkje for å få lesarar:-). Inspirert av Hanne skal eg også legge ut eit "hald det gåande-innlegg".

Eg har vore inne på bloggtipsa som Kjell Atle har lagt ut på Itsen og fått mykje inspirasjon. Anbefaler for eks Ingunn Kjøl-Wiig sin blogg på det varmaste.

I inspirert overmot har eg gitt medieelevane mine i oppgåve å lage (fag)blogg kor dei presenterer ulike medieprodukt som dei har laga. Så er det litt opp til den enkelte kor mykje arbeid dei vil legge ned i layout og design eller om dei vil prioritiere innhald og medieprodukta dei skal presentere.  I forlengelsen av dette oppretta eg ein også klasseblogg som eit forsøksprosjekt kor eg skriv litt om kvifor me skal jobbe med blogg, oppsummerer litt undervegs og legg ut tips til andre gode bloggar. Blant anna har eg lagt ut vurderingskriteriene på bloggen, og brukt mange timar på å forske meg fram til å lage google-dokument. Dette legg eg også, i tråd med vår lms-profil, ut i faget sin kalender på Itsen, men då i meir kortfatta form.

Denne fyrste perioden er prega av at me alle befinn oss i den delen av vurderingsskjemaet som eg har kalla "i oppstartsfasen", men eg ser allerede ei utvikling mot høgre (og høgare måloppnåelse) for både meg sjølv og elevane. I tillegg er det ein klar tendens til at særlig jentene er inspirert av alle dei "rosa" bloggane, og ønsker å bruke dette som ei digital dagbok. Så her har me ein veg å gå. Til no har me eit kompromiss på at dei også kan få skrive innlegg om skuledagane og litt personlig men at dei skal gjere aktiv bruk av etikett-funksjonen slik at eg lett kan søke opp dei faglige innlegga. Dette kompromisset er inngått for at det skal vere meir liv på bloggane. Så vil tida vise om me må stramme inn...  Det anar meg at me må det. På dei nesten to vekene eg har halde på med dette har eg hatt 222 treff på klassebloggen min. Eg trur at dette er elevane "mine" og ikkje resten av verda, men det kan eg sjølvsagt ikkje vite heilt sikkert.

Tips til gode mediebloggar med ikkje alt for tungt innhald tas mot med stor takk. Eg treng kontinuerlig stoff til klassebloggen min. Skal ikkej sjå bort frå at dette blir meir blogg til besvær enn lyst.:-)