På Bergen Private Gymnas jobber me digitalt i alle fag. IKT er en viktig del av undervisninga uansett kva studieprogram ein følger. Me skal lære elevane å bli bevisste mediebrukarar samtidig som dei får kunnskap om korleis dei kan delta i det digitale samfunnet. I dette inngår blant anna kildekritikk og kildevurdering. Fleire av punkta nevnt i forrige innlegg om ein slags utvida digital kompetanse passer inn under denne forståelsen.
- becoming creators of content instead of consumers of content.
- taking risks to challenge students/staff to not always do it like its always been done.
- trusting our students and staff to learn the necessary skills when they see fit.
- being flexible with our time.
Ei av våre "fanesaker" er at elevane skal lære å lære. Det er eit mål at elevane skal vere godt førebudd til vidare studier etter tre år på BPG. Me har derfor ein pedagogisk profil der me blant anna legg stor vekt på det konstruktivistiske og sosiokulturelle læringssynet, der eleven er aktiv i å konstruere si eiga læring enten individuelt eller i samhandling med andre. I eit slik kunnskapssyn skal eleven sjølv utforma problemstillingar med utgangspunkt i det aktuelle læreplanmålet, innhenta og tileigna seg informasjon. Oppgavene vil vere forholdsvis opne for tolkning. Pedagogenn si viktigaste rolle vil vere som veileiar og ressursperson. Du skal ikkje bare pugge innhaldet i ei lærebok, men også bruke kjelder frå for eksempel internett og bibliotek. Me prøver også å dra inn det situerte lærinsgperspektivet, at det ein lærer skal opplevast som relevant og aktuelt for eleven og at me bruker metodar som dei seinare vil møta på i vidare studier. Me meiner jo også at med eit kunnskapssyn som er forståelsesorientert, ikkje "fasitorientert" er det viktig at elevane for ro til å fordjupe seg i eit tema. Derfor er for eksempel timeplanen organisert i økter, som gir ro til faglig fordjuping. Samtidig gir det rom for at dei sterke elevane får tilpassa utfordringar.
* creating an environment in which everyone is a learner.
* empowering our students and teachers to control their own learning.
* ensuring opportunities for students to learn within their own passion.
* providing the support needed for our students/staff to be life-long learners.
* allowing students/staff to demonstrate their learning in multiple ways.
* allowing students to show mastery and moving on instead of waiting for the rest of the class.
* developing a system that puts the learners needs in the middle and adjusts everything else about school around those needs.”
Ein av forelesarane var inne på noko av dette i si forelesning i slutten av august kor han introduserte begrepet serendipity. Det kan jo betraktast som ein slags literacy men likevel med ei litt annleis betydning. Han stilte i alle fall her spørsmålet om det var på tide med ein ny didaktikk for handtering av den kompleksiteten, informasjonsoverloaden, kva som er kriterier for rett og gale mht informasjon som ein møter i den "tilfeldige" vandringa på nett. Treng me ein didaktikkforståelse som er tilpassa web?
Dette, meiner eg, kan også sjåast i samanheng med det kunnskapssynet som me møter i den generelle delen av læreplanen. Nemlig det at all læring har overføringsverdi og er aldri uløyselig knytta til eitt fag eller ein spesiell livssituasjon. Opplæringa skal ta utgangspunkt i det kjente og utvikle kunnskap, haldningar og ferdigheter som gir faglig og personlig meistring. Dette blir konkretisert gjennom begrepet heilhetlig kompetanse, som omfattar vår totale evne til å handle aktivt og bevisst i våre omgjevnader. Opplæring som tar sikte på å utvikle heilhetlig kompetanse, vektlegg at eleven skal få trening i å løyse oppgåver med forstand og innsikt og i tillegg sjå konsekvensar av eigne handlingar (frå skolenettet). Denne heilhetlige kompetansen og overføringsverdien må jo også gjelde det digitale perspektivet slik eg ser det.
Dette var litt i hurten og sturten. Kjem sterkare tilbake. Innspel mottas med takk.
Jeg, i all min beskjedenhet (lol), vil sammenligne serendipity med å lete i leksikon. jeg elsket tidligere å se se etter ting i leksikonet, men husket etter hvert ofte ikke hva jeg så etter for det var så mye annet interessant som en kom over. midt inne i en tekst kunne et ord være i kursiv - det betyr at det har en egen beskrivelse (som regel i et annet bind) så var det jo bare å finne fram og bla opp...
SvarSlettUtan å vere stygg (og då skal ein sjølvsagt sei noko stygt:-) vil jo sei at dette var ein litt nerdete aktivitet Hanne:-). Men når det er sagt var det eit godt bilde. Takk!
SvarSlettSER ikke det nerdete i HanneHs svar. Hun kunne ha referert til hypertekstens mange lenker og tar deg til steder du ikke hadde tenkt deg, og ikke visste fantes. Serendipity står også fro den tilsynelatende tilfgeldigheten som gjør at du "kommer over" "ting" som det viser seg at du har SÅ god bruk for. Dette er jo ikke bundet til virtuelle verdener, men har absolutt blitt aktualisert all verdens virtuelle intertekstualitet.
SvarSlettEllers ser det jo ut til at BPG er den digitale mønsterskolen! Hva er det som har gjort at dere har kommet så langt? Hvilken rolle har for eksempel ledelsen spilt?
Du har heilt rett Kjell Atle, det var litt flåsete og tullete sagt, dog med erkjennelsen av at Hanne har nok eit godt bilde på serendipity, som kan utfyllast av den tilsynelatande tilfeldigheten og hypertekstualiteten du beskriv. Samtidig som ho jo er inne på nettopp dette med referansen til orda i kursiv som viser til eit anna bind. Så nerdete var sagt i all ærbødighet:-) Og samtidig som denne tilfeldigheten du beskriv er viktig og nyttig, opparbeider ein seg vel etter kvart ein slags kompetanse i denne tilfeldige gangen slik at graden av tilfeldighet blir mindre og ein med større målsikkerhet kjem over ting ein treng? Ligg ikkje også dette inn i den heiheitlige (digitale) kompetansen og det å operere i den "vanlige" så vel som den virtuelle verda?
SvarSlettEllers skjønar eg ikkje heilt kva du meiner med digital mønsterskule. Eg opplever ikkje at me er kome i mål, men at me har gode, felles diskusjonar og refleksjonar rundt skulen vår sin pedagogiske profil. Og at me etter kvart, etter felles diskusjonar, workshops, gruppearbeid etc. har opparbeida ein felles aksept for desse rammene. Me har no for eks starta ein prosess knytt til å auke læringstrykket for elevane, og det digitale inngår sjølvsagt her også. Poenget mitt er vel meir at samtidig som ein må ha eit fokus på det digitale for å auke folk sin kompetanse på nettopp dette, er det viktig at det blir ein integrert del av det andre pedagogiske arbeidet me gjer på skulen. Alt me gjer, også det digitale, har jo som som mål å auke elevane si læring.
Krumsvik skildrar ulike nivå når det gjeld den digitale kompetansen, som kan vere nyttig i denne diskusjonen for å analysere kor langt ein har kome og korleis ein kan komme vidare her. Denne boka har eg klart å gløyme på kontoret, så det skal eg prøve å kome tilbake til i eit hovudinnlegg i komande veke.
Du spørr kva rolle leiinga har spelt når det gjeld det digitale på vår skule. Me har vel tenkt at ein viktig del av vår oppgåve er å fokusere på det som skal vere felles i vår plattform. Skulen er jo ein organisasjon som består av ei mengde dyktige fagpersonar som har sitt felt som hovedprioritet. Vår prioritering blir då å få dette til å fungere saman som ein heilhet innanfor ein tydelig kommunisert profil eller nokre gitte rammer, noko som for mange kanskje kan oppfattast som kontroversielt? Mixmaster har allerede skrive ein del om dei krava som gjeld det digitale tidligare på bloggen, så eg skal ikkje gjenta dette. Eit anna tema som er viktig i forbindelse med kva leiinga har gjort, som eg skal kome tilbake til, er distribuert leiing. Det er også eit så stort tema at eg vil kome tilbake til dette også i eit hovudinnlegg.