torsdag 4. november 2010

Hvordan bli en god skole på læringsplattformer?

Dette innlegget begynte egentlig som eit svar til Janne sitt spørsmål til Mixmaster i innlegget hans om leiing. Men så innsåg eg at det kjem til å bli alt for langt, så det vart forfremja til eit innlegg.

Eg har no lese IKT-boka 2.0 og fann i kapittelet med same namn som bloggtittelen med underkapittelet Terje Risa - Akademiet videregående skole. Terje har omdefinert LMS frå Learning Management System til Læring, Mennesker, Samspill. Han er tydelig på at It`s Learning (og SkoleArena) er bransjeverktøyet vårt og at It`s Learning fungerer som pedagogisk lim i organisasjonane.

Terje Risa er også daglig leiar på Bergen Private Gymnas og på same måte som han har styrer aktivt og tydelig etter dette på Akademiet, er dette også implementert på BPG. Me har fleire krav til dette, blant anna skal alle fag og undervisningsøkter knyttast til læreplanmål, kalender skal brukast med lenker til ressursar og alt faglig som skjer av presentasjonar, tavlenotat (smartboardnotat), oppgaver og andre ressursar skal lagrast, saman med årsplan og vurderingskriterier, i faget på It`s Learning. Det blir stilt klare krav til alle ansatte om at dei skal ha/utvikle god digital kompetanse. Og det blir satsa bevisst på kompetanseheving i organisasjonen. Ofte er programleiarane med oss i leiinga på kurs i for eks nye It`s Learning- ting. Deretter har me gjerne eit møte og diskuterer saman kva me skal velge ut og korleis me skal kurse og gjennomføre dette i organisasjonen.

Som sagt er Terje Risa daglig leiar på både Akademiet og Bergen Private Gymnas. Dei to skulane har noko ulik pedagogisk profil, men har felles ståstad med omsyn til LMS og samarbeider om tilbudet innan programfag og framandspråk. Den felles visjonen for dei to skulane er at "Vi skal være den beste og mest fremtidsrettede skolen i Norge". Akademiet sitt slagord er "For deg som vil litt mer", mens BPG sitt slagord er "Gi deg selv et forsprang". Dette går igjen i heile organisasjonen, leiing, pedagogar, vaskepersonalet, elevar. Du skal få eit forsprang på BPG, enten du underviser der eller er elev. Det forplikter, på alle nivå. Og sidan eg jobbar på BPG legg eg kun ut eit bilde av vår skule si nettside med vår logo.:-)

For dei som er interessert, er dette å finna på s 103 i IKT-boka 2.0.

Eit anna aspekt ved denne boka som eg likte var kapittelet som heiter "Kan vi gi oppgaver som ikke kan googles?". Her peiker forfattaren på nye utfordringar i forbindelse med den digitale skulekvardagen og behovet for ei omformulering av spørsmåla for å unngå at elevane googlar seg fram til eit faktasvar. I følge Salvesen må spørsmåla tilpassast den nye verkeligheten slik at elevane får bruke nettet og samtidig har utfordringar med å finne "svaret". Salvesen viser fleire eksempel på korleis han meiner me må justere måten me stiller spørsmål på slik at elevane i stadenfor å ukritisk gjengje faktastoff må resonnere, analysere og evaluere sjølv. Eg fann fleire gode tips her som eg vil ta vidare på min skule på komande fellesmøte. Ein fellesnemnar for råda han kjem med er, etter mi meining, eit problemorientert  læringssyn kor det vert lagt vekt på eleven sin rolle i utforming av problemstillingar, eleven som forskar og eleven som innhaldsleverandør. Eit naturlig steg vidare innan eit slik læringssyn vert då å i større grad frigjere seg frå læreboka og sjå på denne som kun ei av fleire moglege (om enn foretrukken) kjelde og vidare utforme vurderingskriterier som er tilpassa denne måten å jobbe på. Kva er det for eksempel som kjenneteiknar ei god problemstilling?

Dette begynte med læringsplattformar og endte med læringssyn. Men for å sitere ein kjent politikar: "Alt henger sammen med alt".  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar