søndag 24. oktober 2010

"Bergen Private Gymnas - den digitale mønsterskolen?"

Kjell Atle tar opp dette i svar på eit av innlegga i bloggen og eg har lyst til å dele mine tankar om det.

Eg trur ikkje at me nokon gang kjem i mål med å vere ”den digitale mønsterskolen”. Eg trur heller ikkje det finns eit konkret mål der framme. Eg meiner heller at målet er veien og at skulen vår kanskje har gått lengre på veien enn andre videregåande skular.

Litt historikk

Eit moment som kanskje gjer at me har kome langt i prosessen med IKT er at elevar og pedagogar har hatt bærbare maskiner allereie frå oppstarten i 2005. Dette var kontroversielt på den tida og vart av ein del utanfrå sett på som eit reint salgstriks for å få søkjarar til skulen. Leiinga derimot såg dette som framtida. Pga den tidlige innføringa av IKT har mange av våre pedagogar, sett i norsk skuleperspektiv, lang erfaring i bruk av IKT i undervisning på vidaregående skule. Våre pedagogar er ungdommar i 30-åra som også har god kjennskap til bruk av IKT frå sine egne utdanningar frå universitet og høgskular.

Det at alle hadde bærbare maskiner var då også kjend for dei som søkte jobb på skulen og dermed hadde dei tatt stilling til bruken av bærbare maskiner allereie når ein vart ansatt. (Sjølvsagt ikkje til korleis ein brukte dei, men at ein hadde dei og at dei var ein del av skulens profil.)

Tidleg ”ferdig”

Me var også veldig tidleg ”ferdig” med tekniske utfordringar i forbindelse med nett-tilgang og maskiner. Eg bruker hermetegn fordi heilt ferdig vert ein ikkje med den raske utviklinga som skjer på IKT-fronten.

Erfaringane våre har derfor gjort at me på den tekniske sida har gått over til Mac til alle elevar pga at det er meir stabile maskiner med færre virus. I tillegg, for å halde oss oppdatert på utviklinga, er planen pr no at maskinparken skal byttast ut annakvart år med nye maskiner.

På den pedagogiske sida har me også komme langt fordi den pedagogiske leiinga har hatt fokus på dette over mange år og heile tida involvert pedagogane i prosessen. Det betyr at tankar ikkje har blitt tredd nedover hovuda på pedagogane men at det har vore satt av tid til, som Master skriv i svar til Kjell Atle, felles diskusjonar og refleksjonar rundt skulen vår sin pedagogiske profil og bruken av IKT oppi dette.

Det digitale er jo alltid ”nytt” og det har vore, og er, learning by doing. Eg nevnte i eit tidlegare innlegg i bloggen at noko av det me er opptatt av er “taking risks to challenge students/staff to not always do it like its always been done”. Dermed oppstår det nye erfaringar og tema som igjen fører til vidare refleksjonar i kollegiet.

På den måten går me saman vidare.


7 kommentarer:

  1. Kjekt å lese historia for den digitale utviklinga ved Bergen private gymnas. Det setter tinga litt i perspektiv for en skoleleder på en liten grendaskole. I 2005 låg vi å drog ledninger i vegger og tak. Tråløst nettverk har elevene bare hjemme. 3,7 elever har tilgang på hver sin stasjonære maskin,osv.Alt dette har og sin historiske forklaring.
    Vi bruker og unytter de digitale ressursane vi har etter beste evne. Spørsmålet mitt blir om "mine" elevene har mulighet å til å ta igjen de elevene som allerede fra barneskolen av har topp tilgang på utstyr og lærare med god kompetanse innen IKT? Har dere ved Bergen private gymnas noen erfaring med hvordan det går med elever som kommer fra skoler med mindre/dårliger tilgang/bruk av IKT?

    SvarSlett
  2. Takk for kommentar og spørsmål. No har vel dei fleste ungdomsskular i Hordaland gjort bruk av It's learning, så dei aller fleste har vore borte i det når dei begynner, om enn nokon i større grad enn andre. Me prøver jo også å lære dei opp når dei kjem til oss og har ei rekke mindre innføringskurs i ein del digitale og pedagogiske tema som er viktige for oss. Det me merkar er at sidan It's learning blir brukt i så utstrakt grad, kan ein risikere at det bygger seg opp eit press på "Itsen" i form av innleveringar, freistar som lyser raudt, uleste meldingar etc. Dette presset kan nok virke litt overbærende på elevar som har vore vekke, sjuke eller hatt andre grunnar til fravær. Men tilbake til det du spurte om. Me har, så vidt eg har kjennskap til, ikkje merka noko mønster i at elevar frå særskilte skular slit meir med IKT enn andre.

    Har ein liten kommentar til som gjeld dette. Dottera mi på 12 år har også Itsen på skulen, og skulen er flink til å legge ut læringsresdurser i dei ulike faga som dei forventer at elevane skal jobbe med heime. Er det gjengs i barneskolen no at ein kan basere seg på at alle elevane har tilgang på bærbar pc heime?

    SvarSlett
  3. Må være moro å jobbe på en skole der dette er så sentralt :) Men jeg tror det er som du sier, Master at en aldri blir kommer helt i mål - men det er vel det som er utvikling :)

    SvarSlett
  4. En kommentar til spørsmålet om det er gjengs i barneskolen at en kan basere seg på at alle elever har tilgang til (bærbar) pc hjemme:
    Niks, det er ikke gjengs, dessverre - selv om majoriteten har det.

    SvarSlett
  5. ER ikke i tvil om at mange skoler har mye å lære av BPG, hvor bevelgelsen synes å være målet, og nysgjerrigheten er drivkraften. Sier som HANNEH: DET MÅ VÆRE MORSOMT Å JOBBE DER.
    Kan også forstå om andre , som jobber på små, langt dårligere utstyrte skoler med en annen sammensetning av kollegiet, kan få oversettelsesproblemer. Men nysgjerrighet og forskertrang er ikke omvendt proporsjonale med antall elever per PC.

    SvarSlett
  6. Just for the record: Ja, der er morsomt å jobbe her. :o)

    SvarSlett
  7. Må sei meg einig med Eva, det er ikkje gjengs, men dei fleste har tilgang på pc heime. Når tilgangen er for dårlig på skulen, blir leksa eit alebi for at elevane får bruka PC i "alle" fag.

    SvarSlett