Ein rammefaktor som på mange måtar legg premissane for elevane sitt læringsutbyte er skulekulturen. Dette handlar om pedagogane sine tankar om si eiga undervisning og korleis dette vert omsett til praksis, og det handlar om elevane sine tankar om si eiga læring og korleis disse kan omsetjast til praksis. Dette er dei viktigaste elementane i det ein kallar læringskultur og som igjen er dei sentrale elementa i skulekulturen (S. Rognvaldsen). Ein diskusjon om PCen sin betydning for elevane si læring må derfor ikkje betraktast isolert, men sjåast i samanheng med den aktuelle læringskulturen og kunnskapssynet ein har på skulen.
Eit anna viktig moment her er betydninga av lærarane sin digitale kompetanse. Ola Erstad definerer i boka Digital kompetanse i skolen - en innføring digital kompetanse som " ferdigheter, kunnskaper og holdninger ved bruk av digitale medier for mestring i det lærande samfunnet". Undersøkelsar (presentert på samling av Kjell Atle Halvorsen) viser at lærarar som føler seg digitalt kompetente i større grad ser moglegheiter for auka læringsutbyte ved hjelp av IKT og omvendt. Avhengig av kor den pedagogiske praksisen er "forankra" og lærarens digitale kompetanse vil ein altså sannsynlegvis sjå ulike måtar PC kan bidra til å auke elevane sitt læringsutbyte på.
Her er det imidlertid lett å trå skeivt. Både det å forkaste tradisjonelle perspektiv på læring og å ta det digitale inn i ein tradisjonell praksis utan tilpassing kan bli feil. Leif Martin Hokstad (PLU/NTNU) introduserte på si forelesing begrepet gjenfortelle. Poenget hans er at ein må omdefinere læring i lys av den digitale utviklinga. Samstundes må ein unngå å bli ein "pedagogisk grøftegravar" og ikkje låse seg i ein læringsteori, men heile tida tenke didaktisk i forhold til sitt fag og kva som fremjer læring det aktuelle faget. Spørsmålet vert etter mi meining då ikkje om IKT har ein naturlig rolle i det enkelte fag, snarare korleis IKT kan bidra til å fremje læring i dei ulike faga
Og i forlengelsen av dette er det jo eit spørsmål om kva rolle skuleleiinga skal spele her. Me veit at skuleleiinga speler ein viktig rolle for å bygge opp ein ønska skulekultur. Samtidig veit me også at det er viktig at ein spelar på lag og at ein har gode prosessar på skulane slik at alle kan føle eit eigarskap til skules pedagogiske profil og fundament. Her må IKT inngå som ein naturleg del.
SvarSlettSER fram til noen tanker om hva dere mener bør kjennetegne en skolekultur som åpner for de nye mulighetene, og samtidig tar vare på det som er verdifult fra fortida?
SvarSlett