I mangel på ei klar problemstilling har me gjort eit forsøk på få eit klarare fokus for bloggen. I våre diskusjonar i etterkant av samlinga har me, om ikkje funne ei problemstilling, så i alle fall funne ut meir om kva me ikkje vil skrive om.
Me vil ikkje skrive om alle problema med IKT, mangelen på ressursar til drift, kva ein gjer når systemet ikkje fungerer som det skal, kva ein skal gjere når ein har kollegaer som ikkje vil bruke IKT i si undervisning osv. Me vil heller ikkje bruke noko særlig med tid på potensielle distraksjonar som msn, facebook, youtube osc. Heller ikkje er me så interesserte i praktiske problem som dårleg nettforbinding, elevar som har gløymt pc'en, øydelagde ladarar osv. Dette er ofte problem som kjem fram når ein diskuterer IKT i undervisninga. Imidlertid er det ikkje noko av dette me har tenkt å fokusere på her.
Tvert i mot! Vårt fokus skal vere på det som fungerer. Me er interessert i IKT og pedagogikk og vil her ha eit klart fokus på IKT og læring. Målsetjinga med å bruk IKT på skulen er jo å skape eit betre læringsutbytte for flest mogleg elevar.
Godt. Det er nok å ta tak i innen feltet
SvarSlettTakk for et befriende - men likevel utfordrende utgangspunkt! Dette MÅ bil spennende å følge med på.
SvarSlett