torsdag 9. september 2010

Skuleleiarens rolle

Korleis blir skuleleiarens rolle oppi dette?

Allereie i Stortingsmelding 30 ”kultur for læring” (2003-2004) (s 8 og 9) vert det vist til at kunnskapssamfunnet gjev oss utfordringar som skuleleiarar både med hensyn til økt lokal hanldefrihet og med hensyn til endring og utvikling:
”For at skolen skal kunne møte utfordringene fra et mer kunnskapsdrevet samfunn, trengs et systemskifte, der styringen i større grad er basert på klare nasjonale mål, tydelig ansvarsplassering og økt lokal handlefrihet. (…) ”For å kunne bruke denne kunnskapen på en god måte, trenger skolen kompetente lærere og skoleledere, som har positive holdninger til endring og utvikling.”

Og korleis dette påverkar skulane som lærande organisasjonar:
”Utviklingen mot et mer kunnskapsdrevet samfunn berører skolen på flere måter. For det første vil det bli stilt økte krav til skolene som lærende organisasjoner. Det betyr blant annet at skolene må sette søkelys på personalets læring, og ikke bare på elevenes læring. Kompetansen må utvikles, deles og tilpasses organisasjonens behov.”

IKT kjem inn i Stortingsmelding 17 ”Eit informasjonssamfunn for alle” (2006-2007) og her (s 18) vert fokus også tatt vidare til utfordringa deling av kunnskap med utgangspunkt i bruk av internett:
”Internettutviklinga har i seg nokre grunnleggjande fellestrekk: Vi går bort frå ein situasjon der kunnskap blei skapt, oppbevart og utvikla i meir eller mindre lukka miljø, etter strenge reglar og prosedyrar. Vi går inn i ein ny situasjon, der kunnskap blir spreidd vidt og ope, den er tilgjengeleg gjennom eit par tastetrykk, og ny kunnskap kan også publiserast og gjerast kjend gjennom eit tastetrykk. Det blir lettare å få kontakt med andre som har dei same interessene som ein sjølv. Dette utfordrar tradisjonell kvalitetssikring og alle kunnskaps- og meiningsmonopol.”

Vidare i den samme stortingsmeldinga (s 63) vert skuleleiaren peikt på som ein sentral rolle i integreringa av IKT:
”Skuleleiaren står sentralt i utviklinga av skulen som kunnskapsorganisasjon, og har blant anna ei viktig rolle i korleis IKT vert integrert i undervisning og læring. Skuleleiing handlar derfor både om teknologi, pedagogikk og organisasjon.”

Korleis kan skuleleiaren fylle dette ansvaret?
HanneH viser i sin blogg til undersøkelsen frå Nord-Trøndelag som viser at digital kompetanse har mykje å sei for pedagoganes syn på bruk av IKT. For å heile tida vere i forkant som skule kan det som tidlegare nevnt på bloggen vere viktig å bygge opp ein god skulekultur som fremjer utvikling, endring, og ikkje minst, deling. Denne bør vere med oss heile tida, også i arbeidet med IKT.

tirsdag 7. september 2010

IKT og skolekultur

Ein rammefaktor som på mange måtar legg premissane for elevane sitt læringsutbyte er skulekulturen. Dette handlar om pedagogane sine tankar om si eiga undervisning og korleis dette vert omsett til praksis, og det handlar om elevane sine tankar om si eiga læring og korleis disse kan omsetjast til praksis. Dette er dei viktigaste elementane i det ein kallar læringskultur og som igjen er dei sentrale elementa i skulekulturen (S. Rognvaldsen). Ein diskusjon om PCen sin betydning for elevane si læring må derfor ikkje betraktast isolert, men sjåast i samanheng med den aktuelle læringskulturen og kunnskapssynet ein har på skulen.  


Eit anna viktig moment her er betydninga av lærarane sin digitale kompetanse. Ola Erstad definerer i boka  Digital kompetanse i skolen - en innføring digital kompetanse som " ferdigheter, kunnskaper og holdninger ved bruk av digitale medier for mestring i det lærande samfunnet". Undersøkelsar (presentert på samling av Kjell Atle Halvorsen) viser at lærarar som føler seg digitalt kompetente i større grad ser moglegheiter for auka læringsutbyte ved hjelp av IKT og omvendt. Avhengig av kor den pedagogiske praksisen er "forankra" og lærarens digitale kompetanse vil ein altså sannsynlegvis sjå ulike måtar PC kan bidra til å auke elevane sitt læringsutbyte på. 


Her er det imidlertid lett å trå skeivt. Både det å forkaste tradisjonelle perspektiv på læring og å ta det digitale inn i ein tradisjonell praksis utan tilpassing kan bli feil. Leif Martin Hokstad (PLU/NTNU) introduserte på si forelesing begrepet gjenfortelle. Poenget hans er at ein må omdefinere læring i lys av den digitale utviklinga. Samstundes må ein unngå å bli ein "pedagogisk grøftegravar" og ikkje låse seg i ein læringsteori, men heile tida tenke didaktisk i forhold til sitt fag og kva som fremjer læring det aktuelle faget. Spørsmålet vert etter mi meining då ikkje om IKT har ein naturlig rolle i det enkelte fag, snarare korleis IKT kan bidra til å fremje læring i dei ulike faga

En blogg om skoleledelse, IKT og pedagogikk

 I mangel på ei klar problemstilling har me gjort eit forsøk på få eit klarare fokus for bloggen. I våre diskusjonar i etterkant av samlinga har me, om ikkje funne ei problemstilling, så i alle fall funne ut meir om kva me ikkje vil skrive om.

Me vil ikkje skrive om alle problema med IKT, mangelen på ressursar til drift, kva ein gjer når systemet ikkje fungerer som det skal, kva ein skal gjere når ein har kollegaer som ikkje vil bruke IKT i si undervisning osv. Me vil heller ikkje bruke noko særlig med tid på potensielle distraksjonar som msn, facebook, youtube osc. Heller ikkje er me så interesserte i praktiske problem som dårleg nettforbinding, elevar som har gløymt pc'en, øydelagde ladarar osv. Dette er ofte problem som kjem fram når ein diskuterer IKT i undervisninga.  Imidlertid er det ikkje noko av dette me har tenkt å fokusere på her.

Tvert i mot! Vårt fokus skal vere på det som fungerer. Me er interessert i IKT og pedagogikk og vil her ha eit klart fokus på IKT og læring. Målsetjinga med å bruk IKT på skulen er jo å skape eit betre læringsutbytte for flest mogleg elevar.